Thomas
Utsjånad
Thomas eller Tomas er et mannsnamn av arameisk opphav. Namnet תאומא eller Tʾōmā tyder tvilling og var vanleg over store delar av Midtausten på den tida Jesus levde. Derfor var det ikkje uventa at ein av læresveinane hans skulle ha dette namnet, og at det skulle spreia seg med kristendommen.
Det er 21 684 som heiter Thomas i Noreg og berre 1 966 som heiter Tomas. Derimot er kortforma Tom mykje meir vanleg enn Thom.
Thomas har namnedag den 21. desember.
Thomas er òg eit vanleg etternamn i engelsktalande land, særleg blant dei som er walisisk-ætta.
Kjende namneberarar
[endre | endre wikiteksten]- Apostelen Thomas
- Thomas Aquinas (1225-1274), italiensk teolog og filosof
- Thomas à Kempis (1380-1471), kristen mystikar
- Thomas Tallis (1505-1585), engelsk renessansekomponist
- Tomás Luis de Victoria (ca. 1540-1611), spansk renessansekomponist
- Thomas Tomkins (1572-1656), walisisk komponist
- Thomas Hobbes (1588-1679), engelsk filosof
- Thomas Kingo (1634-1703), dansk biskop og salmediktar
- Tomaso Albinoni (1671-1751), italiensk barokkomponist
- Thomas Jefferson (1743-1826), USA-amerikansk president
- Thomas Malthus (1766-1834), engelsk prest og økonom
- Thomas Fearnley (1802-1842), norsk romantisk målar
- Thomas Alva Edison (1847-1931), USA-amerikansk oppfinnar
- Thomas Klestil (1932-2004), austerriksk president
- Thomas Alsgaard (f. 1972), norsk skiløpar
- Thomas Mann (1875-1955), tysk forfattar
- Thomas Remengesau (f. 1956), president av Palau 2001-2009
- Tomas Espedal (f. 1961), norsk forfattar
- Thomas Hylland Eriksen (f. 1962), norsk professor i sosialantropologi
- Thomas Numme (f. 1970), norsk programleiar
- Thomas Rusiak (f. 1976), svensk rap-artist
- Thomas Dybdahl (f. 1979), norsk musikar
- Thomas Nordseth-Tiller (1980-2009), norsk manusforfattar
- Thomas Morgenstern (f. 1986), austerriksk skihoppar
Kjende personar med Thomas til etternamn
[endre | endre wikiteksten]- Dylan Thomas (1914-1953), walisisk diktar
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Søk etter norsk namnestatistikk for Thomas hjå Statistisk Sentralbyrå