The Voice av Eimear Quinn
«The Voice» Song av Eimear Quinn | ||
Land | Irland | |
Språk | Engelsk | |
Utgjeve | 1996 | |
Sjanger | folk, keltisk, new age | |
Lengd | 03:02 | |
Selskap | Polydor (Europa) CNR Music (Noreg)[1] | |
Tekstforfattar | Brendan Graham | |
Låtskrivar(ar) | Brendan Graham |
---|
«The Voice» (norsk 'stemma') er ein keltisk-inspirert song som vann Eurovision Song Contest 1996 for Irland. Songen vart framført av den irske songaren Eimear Quinn og var komponert av Brendan Graham. Graham står også bak Eurovision-vinnaren «Rock ’n’ Roll Kids» i 1994, og han har skrive teksta til Secret Garden sin verdshit «You Raise Me Up».
«The Voice» skaffa Irland sin sjuande og hittil siste siger i Eurovision Song Contest. Sjølv om den internasjonale finalen vart arrangert i Oslo i 1996, kom «The Voice» aldri inn på VG-lista. Men songen tok seg inn på singellistene i blant anna Irland, Storbritannia og Sverige.
Om songen
[endre | endre wikiteksten]«The Voice» er ein keltisk-inspirert, melodisk låt, ein stil som var populær i midten av 1990-åra. Året før hadde Noreg vunne med «Nocturne» som også var ein song i keltisk musikkstil. Teksta handlar om at songaren ser seg sjølv som stemma som vaker over verda og effekten ho har på elementa som jord, luft og vatn.[2]
Eurovision Song Contest
[endre | endre wikiteksten]«The Voice» var eit av åtte bidrag som deltok i den irske finalen i Dublin 3. mars 1998. I finalen kåra åtte regionale jurygrupper «The Voice» til ein klar vinnar med 105 poeng, og songen vart dimed det irske bidraget til Eurovision Song Contest i Oslo Spektrum laurdag 18. mai same år.[3]
I den internasjonale finalen var Irland det 17. bidraget på scena av 23 bidrag. Quinn stilla i lang, kvit kjole med gullbroderingar, og i tillegg til Kringkastingsorkestret vart hun akkompagnert av tradisjonelle irske slaginstrument, treblåsarar og strengeinstrument.
I byrjinga av avrøystinga kjempa fleire land om å liggje i teten, men etter kvart tok Irland leiinga og heldt på henne heilt til slutt. «The Voice» fekk til saman 162 poeng – 48 poeng framfor Noreg og «I evighet», som vart nummer to. Den norske juryen gav 10 poeng til det irske bidraget.[4]
Sigeren var den sjuande til Irland og den fjerde til Irland på berre fem år. Irland har ikkje vunne Eurovision Song Contest sidan, men hadde per 2021 framleis rekorden i talet på sigrar. Dette var også den andre sigeren til Brendan Graham som låtskrivar; han stod også bak «Rock ’n’ Roll Kids» som vann Eurovision Song Contest i 1994.
Etter sigeren
[endre | endre wikiteksten]Sjølv om songen var i tråd med dåtidas musikkånd, vart ikkje «The Voice» nokon stor internasjonal hit. Songen nådde ein tredjeplass på den irske singellista, og ein niandeplass i belgiske Flandern, ellers fekk den liten suksess. Sjølv om finalen dette året gjekk av stabelen i Noreg, kom ikkje vinnarlåten inn på norske VG-lista. I staden vart det britiske bidraget Gina G og «Ooh Aah... Just a Little Bit» den store hiten i Europa dette året. Den britiske songen toppa hitlistene i Storbritannia, nådde ein tolvteplass i USA og klatra til ein femteplass på VG-lista.[5][6][7] Trass suksessen vart Gina G berre nummer åtte i Eurovision Song Contest dette året.
I 2021 avsløra Storbritannias prins Charles at «The Voice» er blant hans favorittlåtar.[8]
Listeplasseringar
[endre | endre wikiteksten]Liste (1996) | Høgaste plassering |
Veker på lista |
Debutdato |
---|---|---|---|
Belgia, Flandern (Ultratop)[9] | 9 | 10 | 15. juni 1996 |
Belgia, Valonia (Ultratop)[10] | 30 | 4 | 22. juni 1996 |
Irland (Irish Singles Chart)[11] | 3 | 10 | 16. mai 1996 |
Nederland (Single Top 100)[12] | 21 | 7 | 22. juni 1996 |
Storbritannia (UK Singles Chart)[13] | 40 | 2 | 15. juni 1996 |
Sverige (Sverigetopplistan)[14] | 31 | 7 | 31. mai 1996 |
Referansar
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «Eimear Quinn – The Voice». Discogs.com. Henta 25. februar 2017.
- ↑ «The Voice – lyrics». The Diggiloo Thrush. Henta 25. februar 2017.
- ↑ «Irish National Final 1996». National Finals Page. Henta 25. februar 2017.
- ↑ «Eurovision Song Contest 1996 – Scoreboard». eurovision.tv. Henta 25. februar 2017.
- ↑ «VG-lista for 'Just a Little Bit'». VG Nett. Henta 25. februar 2017.
- ↑ «'Ooh Aah... Just a Little Bit' på den britiske singellista». The Official Charts Company. Henta 25. februar 2017.
- ↑ «About Gina G». eurovision.tv. Henta 25. februar 2017.
- ↑ «Prince Charles lists Eurovision 1996 winner "The Voice" as a favourite». wiwibloggs (på engelsk). 4. juli 2021. Henta 6. juli 2021.
- ↑ «'The Voice' på Belgias singelliste». ultratop.be. Henta 25. februar 2017.
- ↑ «'The Voice' på Belgias singelliste». ultratop.be. Henta 25. februar 2017.
- ↑ «'The Voice' på den offisielle irske singellista (skriv 'Eimear Quinn' i søkefeltet)». The Irish Charts. Henta 25. februar 2017.
- ↑ «'The Voice' på Nederlands offisielle singelliste». dutchcharts.nl. Henta 25. februar 2017.
- ↑ «'The Voice' på den offisielle britiske singellista». Official Charts Company. Henta 25. februar 2017.
- ↑ «'The Voice' på den offisielle svenske singellista». swedishcharts.com. Henta 25. februar 2017.
- Denne artikkelen bygger på «The Voice (sang)» frå Wikipedia på bokmål, den 26. april 2022.