Hopp til innhald

The Nylon Curtain

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
The Nylon Curtain
Studioalbum av Billy Joel
Språk engelsk
Utgjeve 23. september 1982
Innspelt Våren 1982, A & R Recording og Media Sound Studios i New York City
Sjanger Rock, poprock, new wave
Lengd 41:57
Selskap Family Productions/Columbia
Produsent Phil Ramone
Billy Joel-kronologi 
Songs in the Attic
(1981)
The Nylon Curtain An Innocent Man
(1983)
Singlar frå The Nylon Curtain
  1. «Pressure»
    Utgjeve: 1982
  2. «Allentown»
    Utgjeve: 1982
  3. «Goodnight Saigon»
    Utgjeve: 1983
Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
Allmusic3.5/5 stars[1]
Rolling Stone4/5 stars[2]
People

The Nylon Curtain er det åttande studioalbumet til den amerikanske songar-låtskrivaren Billy Joel, gjeve ut den 23. september 1982 og produsert av Phil Ramone.

The Nylon Curtain nådde sjuandeplassen på Billboard-lista med to millionar selde plater i USA. Det var eit av dei første albuma som vart digitalt innspelt, miksa og mastra.

Albumet er av dei mest ambisiøse Joel gav ut, og Joel har sjølvsagt omtalt det som hans personlege favoritt, og kalla det «innspelinga eg er mest stolt av og det materialet eg er mest stolt av.»[4] Då han spelte inn albumet sa han i eit intervju at han ønskte å «skape eit lydmessig meisterverk.» Så han brukte meir tid i studio for å få den rette lyden på albumet enn han hadde gjort på tidlegare album.[4] Han sa at prosessen med å lage albumet var «utmattande».[4] Kritikarar har tolka albumet som ei delvis hyllest til musikken til The Beatles og John Lennon.[5]

Om temaet på albuma sa Joel «det var i Reagan-åra, og dei sviktande horisontane i Amerika på den tida tydde at du brått ikkje kunne arve det livet som faren din hadde hatt.»[4] Denne pessimismen om den amerikanske draumen var i følgje Joel det som gjekk att i dei fleste songane på albumet.

Songen «Allentown», som handla om tilbakegangen i stålindustrien i USA, låg seks veker på 17. plassen på Billboard Hot 100-lista tidleg i 1983.[treng kjelde]

Journalisten Chuck Klosterman hylla songar frå albumet, særleg «Laura» og «Where's the Orchestra?», i boka si Sex, Drugs, and Cocoa Puffs.

Albumet vart nominert i klassen «Årets album» under Grammyprisen året etter, men vann ikkje.

Alle songar er skrivne av Billy Joel.

Side ein
Nr.TittelLengd
1.«Allentown»3:52
2.«Laura»5:05
3.«Pressure»4:40
4.«Goodnight Saigon»7:04
Side to
Nr.TittelLengd
5.«She's Right on Time»4:14
6.«A Room of Our Own»4:04
7.«Surprises»3:26
8.«Scandinavian Skies»6:00
9.«Where's the Orchestra?»3:17

Medverkande

[endre | endre wikiteksten]
  • Billy Joel – vokal, akustisk & elektrisk piano, synthesizerar, hammondorgel, melodica, Prophet 5 synthesizer, Synclavier II på «Pressure»
  • David Brown – elektrisk gitar (solo), akustisk gitar (solo)
  • Dominic Cortese – trekkspel på «Where's the Orchestra?»
  • Liberty DeVitto – trommer, perkusjon
  • Eddie Daniels – saksofon og klarinett på «Where's the Orchestra?»
  • Russell Javors – elektrisk gitar (rytme), akustisk gitar (rytme)
  • Dave Grusin – strykar- og horn-arrangement
  • Charles McCracken – cello på «Where's the Orchestra?»
  • Rob Mounsey – synthesizer på «Scandinavian Skies»
  • David Nadien – konsertmeister på alle utanom «Laura» og «Scandinavian Skies»
  • Doug Stegmeyer – bass
  • «String Fever» – strykarar på «Laura» og «Scandinavian Skies»
  • Bill Zampino – skarptromme på «Goodnight Saigon»

Plassering

[endre | endre wikiteksten]
Lister Plassering
Australian Kent Music Report Albums Chart[6] 4
Austrian Albums Chart[7] 20
Canadian RPM Albums Chart[8] 12
Danmark[9] 9
Nederland[10] 1
Japan[11] 2
New Zealand[12] 10
Noreg[13] 9
Sverige[14] 31
UK Albums Chart[15] 27
USA Billboard 200[16] 7
Vest-Tyskland[17] 34
  1. http://www.allmusic.com/album/r10434
  2. Holden, Stephen (14. oktober 1982), «Music Reviews : The Nylon Curtain by Billy Joel», Rolling Stone, arkivert frå originalen 20. februar 2009, henta 30. august 2014 
  3. «Picks and Pans Review: The Nylon Curtain». People. 22. november 1982. Arkivert frå originalen 2. desember 2013. Henta 30. august 2014. 
  4. 4,0 4,1 4,2 4,3 Billy Joel Interview on Nylon Curtain
  5. Nylon Curtain Album Review
  6. Kent, David (1993). Australian Chart Book 1970–1992. St Ives, NSW: Australian Chart Book. ISBN 0-646-11917-6. 
  7. «Billy Joel – The Nylon Curtain – austriancharts.at» (på tysk). Henta 19. august 2011. 
  8. Library and Archives Canada. Henta 2012-03-05
  9. «Billboard». 13 Nov 1982. Henta 19. august 2011. 
  10. «dutchcharts.nl Billy Joel – The Nylon Curtain». dutchcharts.nl (på nederlandsk). MegaCharts. Henta 19. august 2011. 
  11. a-ビリー・ジョエル «Yamachan Land (japansk Chart Archives) – Albums Chart Daijiten – Simon and Garfunkel» Check |url= value (hjelp) (på japansk). Original Confidence. 30. desember 2007. Henta 17. august 2011. [daud lenkje]
  12. «charts.org.nz – Billy Joel – The Nylon Curtain». Recording Industry Association of New Zealand. Arkivert frå originalen 4. november 2012. Henta 8. august 2011. 
  13. «norwegiancharts.com Billy Joel – The Nylon Curtain». Henta 19. august 2011. 
  14. «swedishcharts.com Billy Joel – The Nylon Curtain». Sverigetopplistan. Henta 19. august 2011. 
  15. «Chart Stats – Billy Joel – The Nylon Curtain». UK Albums Chart. Henta 19. august 2011. 
  16. Allmusic – The Nylon Curtain > Charts & Awards > Billboard Albums
  17. «Album Search: Billy Joel – The Nylon Curtain» (på tysk). Media Control. Henta 3. mars 2012.