The Invisible Man
The Invisible Man Singel av Queen frå albumet The Miracle | ||
B-side |
«Hijack My Heart» | |
---|---|---|
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 7. august 1989 | |
Innspelt | 1988 | |
Sjanger | Electronic rock | |
Lengd |
| |
Selskap | ||
Komponist | Roger Taylor | |
Tekstforfattar | Roger Taylor | |
Låtskrivar(ar) | Roger Taylor | |
Produsent |
| |
Queen-kronologi | ||
«Breakthru»
(1989) |
The Invisible Man | «Scandal»
(1989)
|
«The Invisible Man» er ein song av det britiske rockebandet Queen, skriven av trommeslagaren Roger Taylor. Songen er nesten sungen heilt av Freddie Mercury, med små bidrag av Taylor. Songen kom ut på albumet The Miracle og som singel i 1989. Taylor hevda han vart inspirert til å skrive songen etter å ha lese ei bok (kanskje boka med same namn av H.G. Wells), og basslinja kom brått til han. Songen markerer den einaste gongen alle dei fire bandmedlemmane er nemnte i teksten. Den første er Freddie Mercury, så John Deacon. Brian May vert nemnt to gonger (like før gitarsoloen), og «Roger Taylor» vert sagt med ein rullande «r» for å etterlikne trommevirvlar mot slutten verset.
Musikkvideo
[endre | endre wikiteksten]I musikkvideoen spelar eit videospel kalla «The Invisible Man» ei stor rolle. Ein ung gut spelar eit spel, medan bandet (alle kledde i svart), som er «skurkane» i spelet, kjem inn i den verkelege verda og spelar songen på rommet hans. Medan dei spelar, prøver guten å skyte dei med spelkontrolleren. Frå tid til tid dukkar Mercury opp forskjellige stader på barnerommet, og forsvinn før guten kan skyte han. Den då 15 år gamle Danniella Westbrook spelar i videoen, og vart året etter med i såpeoperaen EastEnders.
Lister
[endre | endre wikiteksten]Liste (1989) | Plassering | Veker på lista |
---|---|---|
Den nederlandske singellista[1] | 6 | 12 |
Den tyske singellista[2] | 31 | 12 |
Irish Singles Chart[3] | 10 | 3 |
Den italienske singellista[4] | 21 | ? |
Den newzealandske singellista[5] | 15 | 9 |
Den sveitsiske singellista[6] | 30 | 1 |
UK Singles Chart[7] | 12 | 6 |
Medverkande
[endre | endre wikiteksten]- Freddie Mercury - solovokal
- Roger Taylor - solo- og korvokal, trommer, klaverinstrument, rytmegitar
- Brian May - elektrisk gitar
- John Deacon - bassgitar, rytmegitar
- David Richards - klaverinstrument
Andre versjonar
[endre | endre wikiteksten]- Scatman John spelte ein versjon av teksten der mykje av teksten er erstatta av scat-synging.
- Butch Hartman, som skapte Nickelodeon-serien Danny Phantom, har sagt at kjenningsmelodien i songen var inspirert av basslinja på «The Invisible Man».[8]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «The Invisible Man (song)» frå Wikipedia på engelsk, den 25. juli 2016.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ http://www.dutchcharts.nl/
- ↑ http://www.musicline.de/
- ↑ http://www.irishcharts.ie/
- ↑ http://www.hitparadeitalia.it/indici/per_interprete/aq.htm
- ↑ arkivkopi, arkivert frå originalen 8. mai 2008, henta 25. juli 2016
- ↑ http://www.swisscharts.com/
- ↑ http://www.chartstats.com/
- ↑ Interview with Butch Hartman, March 30th 2006, arkivert frå originalen 2. januar 2008, henta 25. juli 2016
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Offisielle YouTube-videoar: musikkvideo, musikkvideo (VEVO)
- Tekst på den offisielle nettsida til Queen