Hopp til innhald

The Cry of Love

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
The Cry of Love
Studioalbum av Jimi Hendrix
Språk engelsk
Utgjeve Februar 1971[1]
Innspelt 1968–1970 i the Sound Center, Record Plant Studios og Electric Lady Studios i New York City
Sjanger Hardrock, psykedelisk rock, acidrock, bluesrock
Lengd 39:48
Selskap Reprise, Track, Barclay, Polydor
Produsent Jimi Hendrix, Eddie Kramer, Mitch Mitchell
Kritikk
Jimi Hendrix-kronologi 
Band of Gypsys
(1970)
The Cry of Love Experience
(1971)


The Cry of Love er det fjerde studioalbumet til Jimi Hendrix, det kom ut i februar 1971 og var det første Hendrix-albumet som kom ut etter han døydde. Det vart miksa og sett saman av Eddie Kramer og Mitch Mitchell.

The Cry of Love og Rainbow Bridge inneheld dei fleste songane Hendrix hadde tenkt å gje ut som det neste albumet sitt, eit dobbeltalbum anten kalla First Rays of the New Rising Sun eller Strate Ahead. Alle songane var skrivne av Hendrix og spelte inn frå seint i desember 1969 og gjennom sommaren 11970, bortsett frå «My Friend». At Mitchell og Kramer var involvert gav albumet truverde, og det vart godt motteke av både tilhengjarar og kritikarar. Albumet nådde tredjeplasen i USA og andreplassen i Storbritannia. Det svert rekna som den mest nøyaktige tilnærminga til det siste albumet til First Rays of the New Rising Sun kom ut i 1997. «Freedom» vart gjeven ut som singel i USA, men nådde berre 59. plass. I Storbritannia vart «Angel» gjeven ut som singel, men denne nådde ikkje ein gong lista.

Alle songar er skrivne av Jimi Hendrix.

Nr.TittelLengd
1.«Freedom»3:24
2.«Drifting»3:46
3.«Ezy Ryder»4:09
4.«Night Bird Flying»3:50
5.«My Friend»4:40
6.«Straight Ahead»4:42
7.«Astro Man»3:37
8.«Angel»4:25
9.«In From the Storm»3:42
10.«Belly Button Window»3:34

Medverkande

[endre | endre wikiteksten]
Andre musikarar
  1. Pierre-Rene Noth (February 24, 1971). «Melanie and Hendrix, Addition and Finale». The Milwaukee Journal. Henta 16. mars 2011. [daud lenkje]