Teruel
Teruel | |||||
---|---|---|---|---|---|
| |||||
Plassering | |||||
Styresmakter | |||||
Land | Spania | ||||
Autonom region | Aragón | ||||
Provins | Teruel | ||||
Grunnlagd | 1171 | ||||
Borgarmeister | Emma Buj | ||||
Geografi | |||||
Flatevidd - By |
440,41 km² | ||||
Innbyggjarar - Totalt (2008) - folketettleik |
35 037 79,6 /km² | ||||
Koordinatar | 40°20′N 1°6′W / 40.333°N 1.100°W | ||||
Høgd over havet | 915 moh | ||||
Diverse annan informasjon | |||||
Postnummer | 44001-44003 | ||||
Nettstad: www.teruel.es |
Teruel er ein by i Aragón, aust i Spania og provinshovudstad i provinsen Teruel. Han har kring 35 000 innbyggjarar og er den minste av provinshovudstadane i landet. Han er kjend for det harde klimaet (varme somrar, særs kalde vintrar), jamón serrano (spekeskinke), keramikk, dei omliggande arkeologiske funna med nokre av dei eldste dinosaurfossila på Den iberiske halvøya og for nokre av festivalane. Teurel vert rekna som «mudéjarbyen» fordi mange av byggverka i byen er forma i denne stilen. Alle er ein del av Mudéjar-arkitekturen i Aragón som er ein verdsarvstad på lista til UNESCO.
Teruel ligg oppe i fjella, om lag 915 meter over havet og ligg relativt isolert til. I 1999 vart kampanjen Teruel existe(«Teruel finst») skipa for å gjere folk merksame på byen. Delvis på grunn av denne kampanjen vhar vegane til byen vorte kraftig utbetra med motorveg mellom Zaragoza og Sagunto. Teruel er likevel den einaste provinshovudstaden i Spania som ikkje har direkte jernbanesamband med hovudstaden Madrid.
Historie
[endre | endre wikiteksten]Teruel vart grunnlagd i 1176 av Sancho Sánchez Muñoz og Blasco Garcés Marcilla. I mellomalderen hadde Teruel eit stort jødisk samfunn, som stod sterkt då dei muslimske arabarane regjerte over området. Seinare, då dei kristne kongane tok tilbake Spania, betalte jødane årleg 300 sueldos i skatt. Under forfølgingane i 1391 vart mange av dei drepne, medan andre konverterte til kristendom for å redde liva sine.[1]
Teurel var åstad for kamphandlingar under den spanske borgarkrigen og vart kraftig øydelagd. Slaget ved Teruel i desember 1937 og februar 1938, eit av dei blodigaste under krigen. Byen skifta hender fleire gonger og fall først til republikanarane, før han vart gjenerobra av nasjonalistane. Teruel vart råka av kraftige bombeåtak frå både artilleri og luftåtak. Dei to sidene tapte til saman kring 100 000 mann i løpet av dei tre månadane.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Teruel» frå Wikipedia på engelsk, den 31. oktober 2009.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ «TERUEL - JewishEncyclopedia.com», www.jewishencyclopedia.com, henta 22. mars 2024
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Teruel existe
- Reiseguide Arkivert 2013-01-05 ved Archive.is
- Offisiell nettstad
- English Verdsarvsenter
- Bilete på Flickr