Hopp til innhald

Terni

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Terni
by
Land  Italia
Region Umbria
Provins Terni
Areal 212,43 km²
Folketal 106 370  (1. januar 2023)
Borgarmeister Paolo Raffaelli
Postnummer 5100
Retningsnummer 0744
Kart
Terni
42°34′00″N 12°39′00″E / 42.566666666667°N 12.65°E / 42.566666666667; 12.65
Wikimedia Commons: Terni

Terni er ein by i Italia. Han er hovudstad i provinsen Terni i regionen Umbria og har om lag 110 000 innbyggjarar. Han ligg på sletta til elva Nera, om lag 104 km nord for Roma, 36 km nordvest for Rieti og 29 km sør for Spoleto.

Jernbanelinja mellom Roma og Ancona går gjennom byen, og han har òg jernbanesamband mot Rieti og L'Aquila. Terni har eit universitet og er ein av dei viktigaste industribyane i Umbria.

Palazzo Spada i Terni

Byen vart truleg grunnlagd på 600-talet fvt. av sabinarar. På 200-talet fvt. vart han erobra av romarane og vart snart ein viktig municipium langs Via Flaminia. Det romerske namnet var Interamna, som tyder «mellom to elvar». Under Romarriket vart byen utbygd med mange flotte bygg, inkludert akveduktar, murar, amfiteater, tempel og bruer.

Etter langobardane erobra Terni i 755 vart han mindre viktig og hamna i skuggen til Spoleto som den nest største byen i Hertugdømet Spoleto. I 1174 vart han øydelagd av Fredrik Barbarossa sin general, erkebiskop Kristian av Mainz.

1300-talet hadde Terni sine eigne lover og frå 1353 vart bymurane forsterka og nye kanalar vart opna. Som i mange andre italienske kommunar i mellomalderen gjekk striden mellom ghibellinarar og guelfarar hardt ut over byen. Seinare strida òg dei to partane Nobili og Banderari om makta i byen. Terni vart etter kvart ein del av Kyrkjestaten. I 1580 vart eit jernverk, Ferriera, bygd ved byen og dette var starten for Terni som industriby. På 1600-talet gjekk det derimot nedover med byen på grunn av pest og svolt.

1800-talet nøyt Terni godt av den industrielle revolusjonen og den gode tilgangen til vatn i området. Av nye indstriar kom det til eit stålverk, eit støyperi og fabrikkar som produserte våpen, jute og ull. Han vart derfor hard råka av dei allierte sine bombetokt under den andre verdskrigen. Totalt var det 108 raid.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Terni