Terneuzen
Terneuzen | |||||
---|---|---|---|---|---|
| |||||
Plassering | |||||
Styresmakter | |||||
Land Provinsar |
Nederland Zeeland | ||||
Borgarmeister | Jan Lonink | ||||
Geografi | |||||
Flatevidd - By - Land - Vatn |
317,78 km² 251,44 km² 66,34 km² | ||||
Innbyggjarar[1] - Totalt (2007) - folketettleik |
55 184 219/km² | ||||
Koordinatar | 51°20′N 3°49′E / 51.333°N 3.817°E | ||||
Diverse annan informasjon | |||||
Nettstad: www.terneuzen.nl |
Terneuzen er ein kommune og by i Nederland i provinsen Zeeland med om lag 55 000 innbyggjarar, og er den folkerikaste kommunen i provinsen.
Terneuzen ligg sør for estuaret Westerschelde og ein Westerscheldetunnelen går frå området og vidare til resten av Nederland.
Byen vart først nemnd i 1325 og ligg strategisk til Terneuzen ved inngangen til vassvegane til Gent i Belgia. I dag er Gent-Terneuzen-kanalen framleis ei viktig ferdselsåre. Hamna i Terneuzen er den tredje største i Nederland etter hamnene i Rotterdam og Amsterdam.
I følgje segna høyrde den legendariske «Flygande Hollendar» heime i byen. Van der Decken, ein kaptein som forbanna Gud vart fordømt til å segle på havet til evig tid, som skildra i Frederick Marryat sin roman The Phantom Ship og Richard Wagner sin opera.
Byen fekk byrettar i 1584. Før 1877 vart byen ofte kalla Neuzen.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Hamna i Terneuzen Arkivert 2006-07-20 ved Wayback Machine.
- Offisiell nettside
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Terneuzen» frå Wikipedia på engelsk, den 21. februar 2008.