Tepelenë
Tepelenë | |||
---|---|---|---|
| |||
Styresmakter | |||
Land Region |
Albania Gjirokastër | ||
Geografi | |||
Flatevidd - By |
432 km² | ||
Innbyggjarar[1] - By (2011) |
8 949 | ||
Koordinatar | 40°18′0″N 20°1′0″E / 40.30000°N 20.01667°E | ||
Tidssone | CET (UTC 1) | ||
Diverse anna | |||
Plassering | |||
Tepelenë kommune innafor regionen Gjirokastër |
Tepelenë er ein by og ein kommune i regionen Gjirokastër i Albania. Kommunen ligg sør i landet og grensar i vest til regionen Vlorë.
Kommunen vart oppretta gjennom ei admininistrasjonsreform i 2014, ved at den tidlegare bykommunen Tepelenë vart slått saman med landkommunane Qendër Tepelenë, Lopës og Kurvelesh.[2] Dei tidlegare kommunane inngår no som kommunaleiningar i den nye storkommunen. Kommunen har hovudsete i Tepelenë.
Ved folketeljinga i 2011 hadde den dåverande bykommunen 4 342 innbyggjarar, medan dei fire kommunane som i dag utgjer storkommunen Tepelenë, til saman hadde 8 949 innbyggjarar.[1]
Tidlegare administrativ inndeling
[endre | endre wikiteksten]Fram til år 2000 var dei tidlegare by- og landkommunane ein del av distriktet Tepelenë.[3] Den dåverande bykommunen omfatta berre sjølve byen Tepelenë.[2]