Tatabánya
Tatabánya | |||||
---|---|---|---|---|---|
| |||||
Plassering | |||||
Styresmakter | |||||
Land Region Megye |
Ungarn Sentral-Transdanubia Komárom-Esztergom | ||||
Oppretta | 1947 frå fire landsbyar | ||||
Geografi | |||||
Flatevidd - By |
91,42 km² | ||||
Innbyggjarar - By (2012) - folketettleik |
70 003 765,73/km² | ||||
Koordinatar | 47°34′30″N 18°24′30″E / 47.57500°N 18.40833°E | ||||
Høgd over havet | 230 m | ||||
Tidssone - Ved sommartid |
CET (UTC 1) CEST (UTC 2) | ||||
Diverse annan informasjon | |||||
Postnummer | 2800 | ||||
Telefon-retningsnummer | 34 | ||||
Heimeside: www.tatabanya.hu |
Tatabánya er ein by nordvest i Ungarn, og fylkeshovudstad i fylket Komárom-Esztergom, som ligg aust i landet. Han har om lag 70 000 innbyggjarar.
Historie
[endre | endre wikiteksten]Arkeologiske funn har vist at det har vore folk i området sidan steinalderen. Tre landsbyar låg her før Tatabánya: Alsógalla, Felsőgalla og Bánhida. Bánhida er den tidlegaste av desse og vart først nemnd i 1288.
På 1500-talet erobra osmanarane området. På denne tida vart innbyggjarane protestantar. Seinare flytta dei føydale herrane, Huset Esterházy, inn romersk-katolske tyskarar og slovakarar til byen.
I ei folketeljing i 1787 hadde Alsógalla 580 innbyggjarar og Felsőgalla 842. Kol vart oppdaga i området på denne tida og folketalet auka og ein ny busetnad vart danna, som utvikla seg til landsbyen Tatabánya.
Under industrialiseringa etter den andre verdskrigen utvikla fleire ungarske småbyar seg til store industribyar. Dei fire landsbyane vart slått saman 1. oktober 1947 under namnet Tatabánya og han fekk bystatus. I 1950 vart han fylkeshovudstad i Komárom-Esztergom og i 1980-åra hadde han alt meir enn 80 000 innbyggjarar.
Etter den sosialistiske regjeringa sitt fall og dei politiske endringane i 1989 vart tungindustrien og gruvedrifta mindre viktig og den økonomiske strukturen i byen endra seg markant.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Tatabánya» frå Wikipedia på engelsk, den 27. september 2007.