Hopp til innhald

Tasmansk djevel

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Tasmansk djevel
Tasmansk djevel-hann
Tasmansk djevel-hann
Utbreiing og status
Status i verda: Utbreiinga av Tasmansk djevel
Utbreiinga av Tasmansk djevel
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Ryggstrengdyr Chordata
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Pattedyr Mammalia
Orden: Dasyuromorphia
Familie: Dasyuridae
Slekt: Sarcophilus
Art: Tasmansk djevel S. harrisii
Vitskapleg namn
Sarcophilus harrisii

Tasmansk djevel eller pungdjevel (Sarcophilus harrisii eller Sarcophilus laniarius), er eit lite dyr på storleik med ein stor katt. Han har fått namnet sitt fordi han i forhold til storleiken sin har ein av verdas sterkaste kjevar. Dersom han føler seg trua lagar han eit brøl som kan høyrast ut som eit uhyre som skrik. Han har vore utbreidd i heile Australia, men no finst han berre på øya Tasmania.

Ung tasmansk djevel

No herjar ein kreftsjukdom som truar med å utrydde den tamanske djevelen. Forskarar i Australia jobbar for å finne ein kur mot den drastiske nedgangen i talet på arten.

København Zoo fekk fire tasmanske djevlar av den tasmanske regjeringa då prins Christian av Danmark vart døypt, fordi mor hans, kronprinsesse Mary av Danmark, er frå Tasmania.