Tartus guvernement
Tartus | |||
طرطوس | |||
guvernement | |||
Land | Syria | ||
---|---|---|---|
Mintaqah | 5 | ||
Hovudstad | Tartous | ||
Areal | 1 892,0 km² | ||
Folketal | 797 000 (31. desember 2011)[1] | ||
Språk | arabisk | ||
Tidssone | EET | ||
ISO 3166-2 kode | SY-TA | ||
Tartus guvernement 34°58′N 36°04′E / 34.96°N 36.07°E | |||
Kart over Syria med Tartous avmerkt.
| |||
Wikimedia Commons: Tartus Governorate |
Tartus guvernement (arabisk مُحافظة طرطوس, romanisert Muḥāfaẓat Ṭarṭūs) er eit av fjorten guvernement i Syria. Det ligg vest i Syria, på grensa til Libanon i sør, Middelhavet i vest, Latakia guvernement i nord, og Homs og Hama guvernement i aust. Det er eit av få guvernement i Syria som har ein majoritet av alawittar. Forskjellige kjelder gjev arealet til å vere 1 890 km²[2] eller 1 892 km².[3] I 2011 hadde guvernementet 797 000 innbyggjarar. Hovudstaden er Tartus.
Historie
[endre | endre wikiteksten]Guvernementet var historisk ein del av Alawittarstaten, som eksisterte frå 1920 til 1936.
Regionen har vore relativt fredleg under den syriske borgarkrigen om starta i 2011. I mai 2013 skal derimot pro-statlege styrkar ha utført massakrar i landsbyane Bayda og Baniyas.
Distrikt
[endre | endre wikiteksten]Guvernementet er delt inn i fem distrikt (manatiq):
Desse er vidare delt inn i 27 underdistrikt (nawahi).
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Tartus Governorate» frå Wikipedia på engelsk, den 4. april 2014.