Taigabukk
Taigabukk | |
Taigabukk | |
Status | |
Status i Noreg: Regionalt utdøydd | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Leddyr Arthropoda |
Underrekkje: | Seksfotingar Hexapoda |
Klasse: | Insekt Insecta |
Orden: | Biller Coleoptera |
Familie: | Trebukkar Cerambycidae |
Slekt: | Monochamus |
Art: | Taigabukk M. urussovii |
Vitskapleg namn | |
Monochamus urussovii |
Taigabukk (Monochamus urussovii) er ei opptil 38 mm stor trebukk (målt utan følehorn). Hoa er noko større enn hannen, men hannen har lengre følehorn; antennene kan bli meir enn dobbelt så lange som kroppen. Billa er funnen fleire stader i Sør-Noreg, helst i samband med import av tømmer, men det er over hundre år sidan ho sist var funnen i norsk skog.
I Sibir lever taigabukken på edelgran, unntaksvis kan han angripe furu og bjørk. Utbreiingsområdet spenner frå Japan til Skandinavia. I Europa lever han utelukkande på graner. Verstrea er tre som nyleg har døydd eller som er svekka. Larvane kan gjere teknisk skade på virket, dessuten kan dei overføre den farlege furuvednematoden.
I Norsk Raudliste 2006 er ho oppført som regionalt utdøydd. Arten finst spreidd i nordaustre Sverige.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Torstein Kvamme: «Er taigabukken utdødd i Norge?» i Norsk Skogbruk 1/2008
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- (no) Taigabukk hos Artsdatabanken
- (en) Taigabukk i Encyclopedia of Life
- (en) Taigabukk i Global Biodiversity Information Facility
- (sv) Taigabukk hos Dyntaxa
- Monochamus urussovii – detaljert informasjon på Wikispecies