Tachov
Tachov | |||
by | |||
|
|||
Land | Tsjekkia | ||
---|---|---|---|
Areal | 40,847854 km² | ||
Folketal | 14 468 (1. januar 2024) | ||
Tachov 49°47′43″N 12°38′01″E / 49.795398066933°N 12.633709213451°E | |||
Kart som viser Tachov.
| |||
Wikimedia Commons: Tachov |
Tachov, tysk Tachau, er ein by vest i Tsjekkia (Plzeňský kraj) med 12 538 innbyggjarar (2022).[1] Han ligg ved elva Mže.
Historie
[endre | endre wikiteksten]Området var folkesett av menneske kring 8000–6000 f.Kr. Den fyrste dokumentasjonen som nemner Tachov er frå 1115. Kong Ottokar II av Böhmen (1233–1278) bygde ei ny borg med eit stort rundt steintårn her. Han grunnla også ein by med ein mur rundt ved borga.[2]
Under Husittarkrigane (1419–1434) var byen kringsett fleire gonger og teken. Husittgeneralen Prokop den store sigra under slaget ved Tachov i 1427. Byen blei også kraftig skadd under Trettiårskrigen (1618–1648).
Fram til 1918 var Tachov (som Tachau) del av Det austerrikske keisarriket, og distriktshovudstad for Tachau. I 1938 blei byen okkupert av tyske styrkar som del av Sudetenland. Dei fleste tyskspråklege innbyggjarane blei forviste i 1945 (jf. Beneš-dekreta). Området blei deretter berre delvis folkesett att, for det meste av tsjekkarar og slovakarar, men også av tilflytta rumenarar og ukrainarar. Seinare blei det skipa ei urangruve her som trekte til seg arbeidarar. Etter Fløyelsrevolusjonen som enda kommunisttida i 1989 blei gruva stengd.
Befolkningsutvikling | ||
---|---|---|
År | Bef. | ±% |
1869 | 5 433 | — |
1880 | 5 572 | 2,6 % |
1890 | 5 680 | 1,9 % |
1900 | 6 590 | 16,0 % |
1910 | 7 814 | 18,6 % |
1921 | 7 902 | 1,1 % |
1930 | 8 189 | 3,6 % |
1950 | 4 843 | −40,9 % |
1961 | 5 606 | 15,8 % |
1970 | 8 435 | 50,5 % |
1980 | 11 847 | 40,5 % |
1991 | 12 833 | 8,3 % |
2001 | 12 696 | −1,1 % |
2011 | 12 548 | −1,2 % |
2021 | 12 510 | −0,3 % |
Kjelde:Folketeljingar[3][4] |
Kjende folk frå byen
[endre | endre wikiteksten]- Moses Taku (1200-talet), rabbinar
- Franz Rumpler (1848–1922), målar
- Mordecai Schornstein (1869–1949), sjefrabbinar i København
- Rudolf Böttger (1887–1973), målar
- Karel Sperber (1910–1957), kirurg
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «Population of Municipalities – 1 January 2022». Tsjekkisk statistisk sentralbyrå. 29. april 2022.
- ↑ «Historie Města Tachova» (på tsjekkisk). Město Tachov. Henta 14. juni 2021.
- ↑ «Historický lexikon obcí České republiky 1869–2011 – Okres Tachov» (PDF) (på tsjekkisk). Czech Statistical Office. 21. desember 2015. s. 17–18.
- ↑ «Population Census 2021: Population by sex». Public Database. Tsjekkisk statistisk sentralbyrå. 27. mars 2021.
- Denne artikkelen bygger på «Tachov» frå Wikipedia på engelsk, den 4. februar 2023.