Hopp til innhald

Svibelslekta

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Svibelslekta
Systematikk
Rike: Planteriket Plantae
Underrekkje: Frøplantar Spermatophytes
Orden: Aspargesordenen Asparagales
Familie: Aspargesfamilien Asparagaceae
Underfamilie: Scilloideae
Stamme: Hyacintheae
Understamme: Hyacinthinae
Slekt: Svibelslekta Hyacinthus
L., 1753

Svibelslekta (Hyacinthus), også kjend som hyasintslekta, er ei planteslekt i aspargesfamilien, som igjen høyrer til aspargesordenen. Plantane i familien er laukvekstar med klokkeforma blomar som sit i ein klase i enden av stilken. Slekta har namn etter den greske sogefiguren Hyakinthos.

Det finst rundt 3 svibelartar som veks vilt i Eurasia, særleg middelhavslanda, og Afrika. Sviblar er mykje brukte som hageplantar, der arten H. orientalis, vanleg svibel, er best kjend og finst i ei rekkje varietetar med ulike blomefargar og former.

Alle sviblar inneheld oksalsyre, som er giftig for folk og dyr. Plantesafta kan verka irriterande på huda.

Botanisk teikning av ulike sviblarar.

Svibelslekta omfattar desse artane, der berre ein finst i naturen i Noreg:[1][2][3]

  1. Kew Checklists
  2. Reidar Elven mfl. (2022). Norsk flora (8. utg.). Oslo: Det Norske Samlaget. s. 220. 
  3. «Artsdatabanken: Namnetre svibelslekta». Artsdatabanken. Henta 6. mars 2023. 
  4. «Fremmedartslista 2023». Framandartslista 2023. Artsdatabanken. 11. august 2023. Henta 12. februar 2024. 

  • «Hyasint» (30. desember 2013), Store norske leksikon. Henta 21. august 2014.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Svibelslekta