Hopp til innhald

Svein Rosseland

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Svein Rosseland

Svein Rosseland, ca. 1935
Fødd31. mars 1894
Kvam herad
Død19. januar 1985
Bærum kommune
NasjonalitetNoreg
Områdeastrofysikk
Yrkeastronom, astrofysikar, professor, universitetslærar
InstitusjonarNorges Tekniske Vitenskapsakademi
Universitetet i Oslo
Alma materUniversitetet i Oslo
DoktorgradsrettleiarVilhelm Bjerknes
MedlemDet Norske Videnskaps-Akademi
Kungliga Vetenskapsakademien

Svein Rosseland (31. mars 189419. januar 1985) frå Kvam i Hardanger, var ein norsk astrofysikar og professor ved Universitetet i Oslo.

Rosseland la sterk vekt på internasjonalt forskingssamarbeid og var norsk representant i NORDITA og til CERNs råd.[1]

Prisar og utmerkingar

[endre | endre wikiteksten]

I 1957 vart Rosseland utnemnd til kommandør med stjerne av St. Olavs Orden. Asteroiden 1646 Rosseland og månekrateret Rosseland er oppkalla etter han, og Institutt for teoretisk astrofysikk ved Universitetet i Oslo ber namnet hans. Ei byste av han er reist ved Steinsdalsfossen, like ved heimstaden hans, Rosseland i Steinsdalen, om lag to kilometer frå Norheimsund.

  1. «4th Session of Council, 19 - 20 Dec 1955 :Minutes». CERN/0164/Rev. (på engelsk). 1955. Henta 25. september 2017. 

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]