Svein Harberg
Utsjånad
Svein Harberg | |||
| |||
Fødd | 30. juli 1958 (66 år) Bergen | ||
---|---|---|---|
Statsborgar av | Noreg | ||
Parti | Høgre | ||
Yrke | politikar | ||
Verv | Ordførar i Grimstad 2003-2007 | ||
Føregangar | Per Svenningsen | ||
Etterfylgjar | Hans Antonsen | ||
Alle verv |
|
Svein Harberg (fødd 30. juli 1958 i Bergen) er ein norsk politikar frå Høgre. Han var ordførar i Grimstad kommune i perioden 2003 til 2007, gjennom eit valteknisk samarbeid mellom Høgre, Senterpartiet og Framstegspartiet. Han ønskte ikkje attval i 2007, men sa seg villig til å vere med i fylkespolitikken.
Harberg vart vald inn på Stortinget frå Aust-Agder fylke i 2009, og var medlem i Stortingets kyrkje-, utdannings- og forskingskomité. I Stortingsvalet 2017 var han Høgre sin førstekandidat i Aust-Agder.[1]
Før han vart ordførar, dreiv Harberg eit konsulentfirma.
Stortingskomitear
[endre | endre wikiteksten]- 2009–2013 - medlem i Kyrkje-, utdannings- og forskingskomiteen
Referansar
[endre | endre wikiteksten]- ↑ valg.no Vallister og kandidatar 2017