Svartbjørk
Svartbjørk | |
Svartbjørk | |
Utbreiing og status | |
Status i verda: Livskraftig Utbreiinga av Svartbjørk | |
Systematikk | |
Rike: | Planteriket Plantae |
Rekkje: | Karplantar Tracheophytes |
Underrekkje: | Frøplantar Spermatophytes |
Orden: | Bøkeordenen Fagales |
Familie: | Bjørkefamilien Betulaceae |
Underfamilie: | Betuloideae |
Slekt: | Bjørk Betula |
Art: | Svartbjørk B. nigra |
Vitskapleg namn | |
Betula nigra |
Svartbjørk (Betula nigra) er ei bjørk som er naturleg viltveksande aust i USA, frå New Hampshire vest til sørlege delar av Minnesota og sør til nordlege Florida og Aust-Texas. Ho er vanleg på flaumbankar og sumper.
Svartbjørka er eit løvfellande tre som blir 25 meter høgt, sjeldant 30 meter. Stammen har typisk diameter på opptil 50 cm (svært sjeldan opp i 150 cm), ofte med fleire stammar. Borken er svært variabel, vanlegvis mørk grå-brun til rosaaktig brun og skjella, men hjå enkelte individ glatt og kremete rosakvit, mens den lause neveren er som oppkrølla papirark. Bjørka har blanke, mørkegrøne blad som blir gule om hausten.
Treet er brukt i landskapsarkitektur på grunn av den særmerkte borken og ettersom det toler å veksa både i våte og sumpaktige og høgaregliggjande område. Det er utvikla fleire kultivarar med mykje kvitare bork enn opphavsforma, som 'Heritage' og 'Dura Heat'. Dette er dei einaste lysfarga bjørketrea som er motstandsdyktige mot amerikansk bjørkepraktbille som finst i varme område i søraustlege USA.[1]
Urfolk i USA brukte den kokte sevja som eit søtingsmiddel lik lønnesirup. Innsida av borken blei brukt som hungermat. Bjørka er vanlegevis for vridd og kvistete til å ha verdi som tømmertre.[1]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Betula nigra[daud lenkje], rhs.org.uk
- Denne artikkelen bygger på «Svartbjørk» frå Wikipedia på engelsk, og «Betula nigra» frå Wikipedia på bokmål den 29. mars 2014.