Hopp til innhald

Superleague Formula

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Bilane til Tottenham Hotspur F.C., Liverpool FC og FC Basel køyrer inn til pit-stop ved Donington Park.

Superleague Formula er ein ny motorsportsliga som starta i 2008. Ein nyttar bilar med friliggjande hjul, akkuratt som i formel 1, men istaden for fabrikkslag køyrer ein for fotballklubbar. Kvart fotballlag har berre ein bil. Sal, marknadsføyring og teknologiutvinning vert påkosta av ligaen, noko som begrensar utgiftene til dei deltakande fotballaga.

Fotballklubbane som deltok i 2008 sesongen var A.C. Milan · Al Ain FC · A.S. Roma · Atlético Madrid · Beijing Guoan · Borussia Dortmund · CR Flamengo · FC Basel · F.C. Porto · Galatasaray S.K. · Liverpool F.C. · Olympiacos CFP · PSV Eindhoven · Rangers F.C. · RSC Anderlecht · SC Corinthians · Sevilla FC · Tottenham Hotspur FC

Løpa vert vist på sportskanalen Eurosport 2, men mange av fotballaga som driv sine eigne fjernsynskanalar dekkjer og ligaen.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]