Sula kommune
- «Sula» omdirigerer hit. For andre tydingar av ordet, sjå Sula (fleirtyding).
Sula kommune | |||
kommune | |||
|
|||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Møre og Romsdal | ||
Adm.senter | Langevåg | ||
Areal | 58,51 km² | ||
• land | 57,06 km² | ||
• vatn | 1,45 km² | ||
Folketal | 9 720 (1. januar 2024) | ||
Målform | nynorsk | ||
Ordførar | Turid Kristin Sand Humlen (H) (2023) | ||
Kommunenr. | 1531 | ||
Sula 62°25′29″N 6°12′22″E / 62.424722222222°N 6.2061111111111°E | |||
Kart som viser Sula kommune.
| |||
Wikimedia Commons: Sula, Norway | |||
Nettstad: www.sula.kommune.no |
Sula er ein øykommune på Sunnmøre i Møre og Romsdal. Kommunen har grenser til Ålesund, Hareid og Ørsta.
Med flatevidd på 58 km² er Sula ein av dei minste kommunane i Møre og Romsdal. Han er òg ein av dei mest folketette, med 119 innbyggjarar per km². Nord for øya ligg Borgundfjorden og i sør Storfjorden. Det høgaste punktet på øya er Vardane på Sulafjellet, 776 moh. Kring halvparten av innbyggjarane i kommunen bur i administrasjonssenteret Langevåg, men bygdene Mauseidvåg, Solavågen og Fiskarstrand har òg stor busetjing.
Historie
[endre | endre wikiteksten]Frå gamalt av var Sula ein del av tidlegare Borgund kommune. Dei første tankane om å verta eit sjølvstendig herad vart lagde fram i 1919 i Sunnmørsposten. På denne tida hadde øya Sula om lag halvparten så mange innbyggjarar som resten av Borgund herad, som det heitte då. Forslaget førte ikkje fram, men då Borgund vart slegen i hop med Ålesund i 1968, blussa kampen om sjølvstende opp att. Innbyggjarane og politikarane på Sula var redde at øya no ville bli ein gløymd utkant i den nye storkommunen Ålesund. Fram til 1977 gjekk det såleis føre seg ein heftig debatt og utskiljinga var oppe til politisk handsaming fleire gonger. Endeleg i 1976 vedtok Stortinget at Sula skulle skiljast ut frå Ålesund, og det har han såleis vore sidan 1. januar 1977.
Folketalsutvikling for noverande Sula kommune:
1801[1] | 1900[2] | 2000[3] | 2024[3] |
---|---|---|---|
632 | 1834 | 7070 | 9720 |
Næringsliv
[endre | endre wikiteksten]Sula er eit viktig trafikknutepunkt ettersom Europaveg 39, kyststamvegen, går gjennom kommunen. Ei bru og to ferjesamband knyter øysamfunnet til nabokommunane.
Sula var tidlegare eit viktig fiske- og jordbruksområde. I dag er fleire næringsvegar representerte, mellom anna møbel-, tekstil-, transport- og fiskeforedlingsindustri og skipskonstruksjon.
Fiskerstrand verft
[endre | endre wikiteksten]Verftet blei grunnlagt i 1909 som Fiskerstrand Slip & Motorverksted av Peder E. Fiskerstrand. Verftet har i dag godt ry og står for både nybygg og reparasjon av ferjer og fiskebåtar.
Kjende sulalendingar
[endre | endre wikiteksten]Musikkgruppene Ytre Suløens Jass-ensemble og Brazz Brothers kjem frå Sula, og det gjer òg ei rekkje andre kjende personar:
- Ole Andreas Devold (1829-1892), industrieigar
- Anton L. Alvestad (1883–1956), politikar og statsråd
- Inga Tusvik (1914-1992), cand. phil., stortingsrepresentant for Venstre, rektor
- Olga Marie Mikalsen (1915–2006), songar
- Magne Lerheim (1929-1994), cand. jur., universitetsdirektør ved Universitetet i Bergen
- Jens Arne Molvær, (f. 1940), musikar
- Tor-Johan Ekeland (f. 1949), psykolog
- Stein Erik Tafjord (f. 1953), musikar
- Runar Tafjord (f. 1957), musikar
- Helge Førde (f. 1957), musikar
- Jarle Førde (f. 1956), musikar
- Jan Magne Førde (f. 1962), musikar
- Nils Petter Molvær (f. 1960), musikar
- Harald Devold (f. 1964), musikar
- Gry Molvær Hivju (f. 1970), journalist
- Annbjørg Lien (f. 1971), felespelar
- Kåre Nymark (f. 1972), trompetist
- Hild Sofie Tafjord (f. 1974), musikar
- Robert Post (f. 1979), musikar
- Tricia Boutté, tilflytta jazzvokalist
- Lena Nymark (f. 1980), musikar
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Folketeljing 1801 for Borgund prestegjeld, frå Digitalarkivet
- ↑ Folketeljing 1900 for Borgund herred, frå Digitalarkivet
- ↑ 3,0 3,1 Befolkning og endringer, etter region, statistikkvariabel og år, frå Statistisk sentralbyrå