Suharto
Suharto | |||
| |||
Fødd | 8. juni 1921 Kemusuk, Bantul, Yogyakarta | ||
---|---|---|---|
Død | 27. januar 2008 (86 år) | ||
Statsborgar av | Indonesia, Nederlandsk Austindia | ||
Yrke | politikar, militær | ||
Mor | Sukirah | ||
Far | Kertosudiro | ||
Ektefelle | Siti Hartinah | ||
Barn | Siti Hardijanti Rukmana, Sigit Harjojudanto, Bambang Trihatmodjo, Siti Hediati Hariyadi, Hutomo Mandala Putra, Siti Hutami Endang Adiningsih | ||
Alle verv |
Suharto (8. juni 1921–27. januar 2008) var den andre presidenten i republikken Indonesia. Han styrte landet med jarnhand frå då Ahmed Sukarno vart styrta i 1967 til dess han sjølv vart tvinga gå av i 1998.
Liv og virke
[endre | endre wikiteksten]Haji Muhamed Suharto var fødd i landbyen Kemusuk på øya Java i den dåverande kolonien Nederlandsk Aust-India. Foreldra vart skilde då han var liten og han voks opp i små kår, mykje hos fosterforeldre.
Under den japanske okkupasjonen av Indonesia 1942–1945 gjorde Suharto teneste i dei japansk-kontrollerte indonesiske militær-styrkane. Då fridomskampen tok fart gjekk han inn i den nydanna indonesiske hæren. Etter frigjeringa i 1949 steig Suharto i gradane og var i 1965 generalmajor.
Statsleiar
[endre | endre wikiteksten]Eit forsøk på statskupp 30. september 1965 vart slått ned av Suharto-leidde troppar. Det vart hevda kuppforsøket var støtta av det indonesiske kommunistpartiet. Suharto stilte seg så i spissen for eit militærkupp. Hæren slo ned venstreorienterte demonstrasjonar og sette omgåande i gang med å fengsle og drepe kommunistar, i det som etterretningsorganet CIA i USA har skildra som eit av dei verste massemyrderia i det 20. hundreåret. Suharto greip meir og meir makt frå den sitjande presidenten, Ahmed Sukarno. I 1966 vart Suharto regjeringssjef og tok året etter over som fungerande president, innsett offisielt 27. mars 1968.
Suharto sette i verk store samfunnsendringar gjennom det som har vorte kalla av-sukarnosering. Gjennom politikken sin skapte Suharto ei sterk, sentralisert og militær-dominert regjering. Målet var å opprette stabilitet og halde kontroll over det mangearta og spreidde indonesiske riket. For si anti-kommunistiske linje fekk han heilhjerta støtte frå USA, både økonomisk og diplomatisk.
I dei fyrste tjue åra av Suharto si regjeringstid betra dei økonomiske tilhøva seg med omfattande industrialisering.[treng kjelde] Både helsestellet, undervisningssektoren og levestandarden betra seg mykje. Han slo ned på all meiningsmotstand, så politisk var Indonesia i realiteten eit militærdiktatur. Etter 1990 auka misnøya med det autoritære hardstyret til Suharto og den stendig meir omseggripande korrupsjonen. Ei alvorleg pengekrise leidde til omfattande uro i landet og han vart tvinga til å gå av i mai 1998.
Transparency International meiner Suharto har vore den mest korrupte statsleiaren i tida etter 1950, og skal ha sikra seg ein stad mellom 100 til 300 milliardar kroner.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Suharto» frå Wikipedia på engelsk, den 7. oktober 2017.