Styx
- For månen til Pluto med same namnet, sjå plutomånen Styx.
Kharon var ferjekaren som på ein båt førte dei døde over elva Styx til Hades. Til betaling for skyssen la ein ein mynt, ein obol, under tunga på den døde. Om ein ikkje hadde gjort det fekk den døde ikkje passere Styx, men måtte i staden vere i eitt limbo midt mellom livet og døden i all æve. Ein del kjelder, både greske og romerske, seier liksom Dante at Kharon førte dei døde over Akheron og ikkje over Styx.
Styx er i gresk mytologi den underjordiske elva som vert oppfatta som ei grense mellom livets rike og dødsriket.
Gudinna Thetis gjorde de nyfødde sonen sin, Akhilles, usårleg gjennom å dyppe han i elva Styx. Men hælen som ho heldt i vart ikkje dyppa. Under den trojanske krigen vart Akhilles skoten i hælen av ei pil og døydde. Dette er opphavet til uttrykket akilleshæl.
Gudinna Styx
[endre | endre wikiteksten]Styx | |||
| |||
Mor | Tethys | ||
---|---|---|---|
Far | Okeanos | ||
Ektefelle | Pallas i gresk mytologi | ||
Barn | Gudinna Nike, Zelus, Bia, Kratos, Ekhidna, Fontes |
Lik andre elvar hadde Styx ei eiga gudinne eller vassnymfe, som også vart kalla Styx. Ho var gift med titanen Pallas, og deira dotter var sigersgudinna Nike.
Galleri
[endre | endre wikiteksten]-
Landskap med Kharon som kryssar Styx. Måleri av Joachim Patinier frå ca. 1515–1524.
-
Thetis dipping Achilles in the River Styx. Skulptur av Thomas Banks
Sjå òg
[endre | endre wikiteksten]- Gjall i norrøn mytologi
- Yomotsuhirasaka i japansk mytologi
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Styx (mytologi)» frå Wikipedia på svensk, den 31. mars 2010.