Hopp til innhald

Stytting

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Stutting)

Ein stytting (dial. ofte støtting) er ein kort og oftast relativ brei slede. Styttingar kan vera laga for å bli dregne av trekkdyr (oftast hest), eller for å bli dregne av folk. Ordet blir særleg bruka om ein type tømmerslede, men i nyare tid finst ordet òg i samansetjinga sparkstytting.

Før traktorar og sjølvgåande skogsmaskinar vart tekne i bruk vart mykje av tømmeret i Noreg køyrt fram på stytting eller med lunndrag. Desse styttingane hadde korte meiar med ein tverrstokk som grovenden av tømmeret kvilte på. Lastehøgda var om lag 30 til 40 cm, slik at tømmeret kunne rullast opp frå sida. Tømmerstyttingar vart tradisjonelt laga av kraftig trevirke, men på 1950-talet vart det òg laga nokre av stål. Det vart nytta reiskap som handspik, spett og tømmersaks under lasting og lossing.