Strynefjellet
Strynefjellet er eit fjellområde på grensa mellom Stryn kommune i Vestland og Skjåk kommune i Innlandet. Fjellområdet strekkjer seg grovt sett frå Jostedalsbreen i sør, og til Reinheimen i nord. Meir detaljert, så strekkjer området seg mellom Breidalen i Skjåk, Skridulaupen i Skjåk, og vestover til Hjelledalen i Stryn.
Strynefjell ligg på begge sider av den gamle vinterstengde Strynefjellsvegen (Riksveg 258) gjennom Videdalen. Det høgste punktet på den gamle vegen er 1139 moh.
Kommunikasjon
[endre | endre wikiteksten]Riksveg 15 er den viktigaste samferdsleåra gjennom området, som går frå aust frå Grotli langsmed Breidalen fram til Langvatn, der kan går nedover i 3 tunnelar nedover mot Ospeli bru, om Grasdalen, føre svingane nedover til Skåre, innast i Hjelledalen i Stryn.
Fylkesveg 63 tek til i krysset med riksveg 15 Langvatn, og held fram vestover Breidalen mot Geiranger i Stranda kommune i Møre og Romsdal. Fylkesveg 258 tek til på Grotli i Breidalen, og går inn i sidedalen Heilstugudalen vestover Tystigen og Videdalen, og svingane nedover til riksveg 15 ved Ospeli bru. Dette er den gamle Strynefjellsvegen.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- «Strynefjellet» av Svein Askheim i Store norske leksikon, snl.no.
61°58′0.17760″N 7°19′0.82200″E / 61.9667160000°N 7.3168950000°E