Struktur i geologi
Struktur i geologi syner til utsjånaden og fysiske særtrekk ved bergartane, slik dei kan observerast makroskopisk, det vil sei i blotningar. Dette er i motsetnad til tekstur som skildrar utsjånad og fysiske eigenskapar ned til mikroskopisk nivå. Det vertog nytta om særskilde makroskopiske fenomen eller danning i bergart eller berggrunn.
Studiet av geologiske strukturer som har oppstått ved deformasjon kallast strukturgeologi. Om strukturar i større, regional målestokk nyttast omgrepet tektonikk.
Primære strukturer
[endre | endre wikiteksten]Primære strukturar kan til dømes vere flytestruktur og putestruktur hos lavabergartar og rytmisk lagdeling og kulestruktur hos djupbergartar. Døme på primære sedimentære strukturar er gradert lagning og diagonalsjikting.
Sekundære strukturer
[endre | endre wikiteksten]Sekundære strukturer omfattar til dømes banding og skifrigheit i metamorfe bergartar, i tillegg til forskjellige former for oppsprekking, forskyving og folding.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Struktur: geologi. (15. februar 2009). I Store norske leksikon. Henta 13. august 2014 frå http://snl.no/struktur/geologi.