Strandlinje
Utsjånad
Ei strandlinje eller vasslinje er ei skjeringslinje mellom land og ei vassflate i havet eller i innsjøar. På grunn av erosjon frå bølgjeslaga, såkalla abrasjon, i kaldt klima òg frostsprenging og iserosjon, kan det dannast innhakk i landoverflata som markerer strandlinjer.
Viss havet stig eller søkk i tilhøve til landoverflata, kan desse innhakka vernast som merkar etter tidlegare havnivå.
Eit diagram som syner havnivået til ulike tider vert kalla strandforskyvingskurve.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- «Strandlinje» (5. oktober 2012). I Store norske leksikon. Henta 21. november 2013.
- Bryhni, Inge. (20. oktober 2011). «Strandforskyvningskurve» I Store norske leksikon. Henta 21. november 2013.