Hopp til innhald

Storebrand

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Storebrand


Storebrand-hovedkvarteret på Lysaker utenfor OsloSjå dette på Wikidata
Org.formAllmennaksjeselskap
Org.nr.916300484
Skipa1767
HovudkontorLysaker
LandNoreg
StyreleiarDidrik Munch
Resultat2 082 000 000 norsk krone (2019)[1]
Forvaltningskapital831 000 000 000 norsk krone (2019)[2]
Nettstadhttps://storebrand.com (norsk)

Storebrand OS (OSE: STB) er eit norsk selskap i marknaden for langsiktig sparing og forsikring. Konsernet består av selskap som tilbyr livsforsikring, skadeforsikring, kapitalforvalting og bank, retta mot privatpersonar, føretak, kommunar og offentlege verksemder.

Røtene går attende til 1767, då Den almindelige Brand-Forsikrings-Anstalt vart oppretta som ei påboden brannforsikring for bygningar i dei norske byane.

Skadeforsikringsdelen av Storebrand vart i 1999 skild ut i eit eige selskap kalla If. I løpet av få år selde Storebrand seg ut av If, men i 2006 vedtek Storebrand igjen å tilby skadeforsikring og starta eit nytt skadeforsikringsselskap som vart bygd opp frå botnen av.

Storebrand har hovudkontor på Lysaker i Bærum og har eit nett av kontor i Noreg.

Satsinga i den svenske marknaden – gjennom dotterselskapet SPP – omfattar tenestepensjon, tenester innan kapitalforvalting og helseforsikring.

Selskapet er notert på Oslo Børs med tickeren STB. Administrerande direktør i Storebrand ASA er Odd Arild Grefstad.

Storebrand har fusjonert med fleire selskap opp gjennom åra.

På 1970-talet kjøpte Storebrand dei attverande aksjane i Det norske Livsforsikringsselskab Idun, og Storebrand-Idun vart til. Storebrand hadde ått dei fleste aksjane i Idun sidan 1923.

Storebrand og Norden fusjonerte i 1982 og vart til Storebrand-Norden.

I 1991 fusjonerte Storebrand med UNI og vart til UNI Storebrand.

I 2007 kjøpte Storebrand den svenske livsforsikringsselskapet SPP.

Børsinformasjon

[endre | endre wikiteksten]
  • Storebrand er del av OBX-indeksen på Oslo Børs. Aksjen har ticker STB.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]