Hopp til innhald

Stolberg

Koordinatar: 50°46′0″N 06°14′0″E / 50.76667°N 6.23333°E / 50.76667; 6.23333
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Stolberg
Barbarakirche i Stolberg
Barbarakirche i Stolberg
Barbarakirche i Stolberg
Byvåpen Plassering
Byvåpenet til Stolberg
Stolberg is located in Tyskland
Styresmakter
Land
Delstat
Regierungsbezirk‎
Landkreis
Tyskland Tyskland
Nordrhein-Westfalen
Köln
Aachen
Geografi
Flatevidd
 - By

98,52 km²
Innbyggjarar
 - By (2007)
   - folketettleik

58 540
  863/km²
Koordinatar 50°46′0″N 06°14′0″E / 50.76667°N 6.23333°E / 50.76667; 6.23333
Høgd over havet 260 m
Tidssone
- Ved sommartid
CET (UTC 1)
CEST (UTC 2)
Diverse annan informasjon
Postnummer 52222-52224
Telefon-retningsnummer 02402, 02408, 02409
Bilnummer AC
Heimeside: www.stolberg.de

Stolberg er ein by i Tyskland i delstaten Nordrhein-Westfalen med om lag 58 000 innbyggjarar. Han ligg i kreisen Aachen og har ein lang tradisjon som industriby.

Stolberg ligg om lag 5 km aust for Aachen i ein dal ved sida av Eifel, som går austover frå her i området Hürtgenwald. I sør grensar Stolberg til kommunen Monschau og i nord til Eschweiler.

Stolberg er delt inn i Unterstolberg og Oberstolberg, som inneheld det meste av gamlebyen. Andre delar av Stolberg er Atsch, Büsbach, Donnerberg og Münsterbusch. I tillegg har landsbyane Breinig, Dorff, Gressenich, Mausbach, Schevenhütte, Venwegen, Vicht, Werth og Zweifall vorte ein del av Stolberg.

Stolberg vart først nemnd i dokument frå 1100-talet. Han vart eit viktig senter for messingproduksjon då protestantiske messingprodusentar frå Aachen slo seg ned her rundt 1600 for å kome unna religiøs forfølgjing og økonomiske restriksjonar. Derfor fekk Stolberg kallenamnet Die Kupferstadt (Koparbyen).

Stolberg vart mindre viktig som messingprodusent då rein sink vart tilgjengeleg på midten av 1800-talet. Mange messingprodusentar flytta til andre industriar, særleg glas- og tekstilindustri.

Stolberg var ein del av hertugdømet Jülich fram til 1794 då han vart okkupert av Frankrike og vart ein del av kantonen Eschweiler i departementet Roer. Etter Wienerkongressen i 1815 vart Stolberg ein del av Preussen.

Stolberg vart kjend på 1960-talet som heimstad for thalidomid-produsenten Grünenthal.

I dag er det tre nynazistar i bystyret.

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Stolberg