Hopp til innhald

Stille

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
For andre tydingar av oppslagsordet, sjå flygeteknikken å stille.
Stille måla som ein figur som held fingeren framfor munnen i ei kyrkje i Napoli.

Stille er eit fullstendig eller relativt fråvære av lyd eller rørsle. Omgrepet vert ofte brukt for å skildra det motsette av bråk. Stille kan òg brukast i samband med manglande rørsler i luft eller vatn, som i «vindstille» eller «å ro ut på stilla». Som adjektiv kan stille vise til alle typar fråvære av lyd eller rørsler.

Stille og symbol

[endre | endre wikiteksten]
Eit minutts stille før ein fotballkamp mellom Fulham F.C. og Newcastle United for å minnast fotballspelaren Jim Langley.
Foto: Patrick Telford

Symbol for det å vera stille kan vera at ein held ein eller to fingrar loddrett framfor munnen, eller at ein dreg dei vassrett over som om ein lukker han. Ein kan også symbolisera tvungen stille gjennom ein knebel eller ei hand halden framfor munnen.

Det er òg vanleg å bruka stiller for å markera sorg eller medkjensle etter dramatiske dødsfall, til dømes rundt offer for ulukker eller krigar. Dette kan vera ei stor markering som skjer i eit heilt eller fleire land, til dømes på minnedagen om den første verdskrigen, eller det kan vera ei lokal markering frå ei einsleg gruppe.

Stille i samfunnet

[endre | endre wikiteksten]
Stillevogna på eit britisk tog forbyr bruk av mobiltelefonar.

Stille vert sett opp som ein motsats til bråk, og er i moderne tenking ofte rekna som noko positivt, som i uttrykket «fred og ro». Ein seier mellom anna at stader med lite menneske og maskinar er stille, fordi lydane som finst der ikkje trengjer seg på.

Stille mellom menneske kan bli oppfatta på ulike måtar. Å vera taus kan bety at ein ikkje fer med sladder eller spreier informasjon til fienden i krigstid. Men ein som er stum kan også oppfattast som uvennleg, fråverande eller dum. Å vera stille om ei sak kan tyda at ein ønskjer å forteie han, og protestar kan ofte gå ut på at ein ikkje lenger vil vera stille.

Tysne når fleire menneske er samla kan i mange høve oppfattast som rart eller pinleg, men kan også vera del av ein veremåte eller eit rituale der det er meininga at ein skal vera stille ei viss stund. Innan fleire religiøse retningar bruker ein stille for å nærma seg det guddommelege, til dømes i austleg meditasjon, innan klostervesen og i kvekarsamlingar.

Stille innan kunst

[endre | endre wikiteksten]

Kunst handlar ofte om å uttrykka seg gjennom utsegner, former eller lyd. Innan musikk er likevel pausen mellom framføringar og noter svært viktige for uttrykket.

Det eksperimentelle verket 4'33" frå 1952 av komponisten John Cage er kjend for sine 4 minutt og 33 sekund der musikarane ikkje lager lyd. Likevel er det ikkje heilt stille under framføringar, ettersom ein stadig høyrer lydar frå publikum og utsida av konsertsalen.

Stille i meteorologien

[endre | endre wikiteksten]
For meir om dette emnet, sjå vindstille.

Vindstille vil seia at ingen vind bles — røyk stig rett opp og vatn er spegelblankt. Dette fenomenet har namnet stille og talverdien 0 på beaufortskalaen.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Wikifrasar Wikifrasar har ei sitatsamling som gjeld: Stille