Stig Elvis Furset
Utsjånad
Stig Elvis Furset | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 31. mai 1967 (57 år) Høyanger kommune |
Yrke | skribent, bibliotekar |
Stig Elvis Furset (fødd 31. mai 1967 i Høyanger) er ein norsk forfattar, bibliotekar og Elvis-imitator. Han tok hovudfag i litteraturvitskap ved Universitetet i Bergen i 1995 med hovudoppgåva Det kløyvde ordet : om vald og religion i Flannery O'Connors The violent bear it away.
Han er oppvaksen på Husnes i Kvinnherad kommune.
I debutromanen Den brennande sitaren let Furset forteljaren Jeremias, kommunetilsett busett i Moss, skildre fotballsesongen 2001.
Verkliste
[endre | endre wikiteksten]- Den brennande sitaren : roman (2002). Oslo, Barberblad forlag.
- Den raude veggen. (2008). Oslo, Cappelen Damm.