Stenungsund
Utsjånad
58°4′7.6728″N 11°49′17.875″E / 58.068798000°N 11.82163194°E
Stenungsund er ein tettstad i landskapet Bohuslän i Västra Götalands län i Sverige. Staden er administrasjonssenteret i Stenungsunds kommun, har eit areal på 11,14 km², og hadde i 2005 eit innbyggjartal på 10 067.
Stenungsund ligg ved Europaveg 6 om lag 47 km nord for Göteborg og 43 kilometer sør for Uddevalla. Stenungsund var lenge mest kjend som ein stad for bading ut mot kysten. I 1950- og 1960-åra gjekk tettstaden gjennom dramatiske endringar på grunn av oppbygging av petrokjemisk industri. Stenungsund har vorte den viktigaste staden i Sverige for produksjon av polyetylen, som vert nytta i samband med produksjon av plastprodukt.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Vitensenteret Molekylverkstan i Stenungsund Arkivert 2010-01-30 ved Wayback Machine.