Stend
Utsjånad
Stend er eit område i Fana i Bergen. I 1861 kjøpte Søndre Bergenhus Amt, som seinare vart Hordaland fylkeskommune, garden Stend hovudgard av Wollert Konow (SB). På garden vart Stend jordbruksskule etablert for fast drift i 1866.
Ved jordbruksskulen har Hordamuseet bygd opp eit friluftsmuseum. Våren 1998 opna det nye kulturbygget på Stend, der Hordaland Teater, Hordamuseet og Vegmuseet har tilhald.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Stend jordbruksskule Arkivert 2006-06-30 ved Wayback Machine.
- Hordamuseet Arkivert 2006-06-30 ved Wayback Machine.
- Hordaland Teater Arkivert 2005-12-18 ved Wayback Machine.