Stefan Banach
Stefan Banach | |||
Stefan Banach på eit polsk frimerke. | |||
Fødd | 30. mars 1892 Kraków | ||
---|---|---|---|
Død | 31. august 1945 (53 år) Lviv | ||
Nasjonalitet | Cisleithania, Den andre polske republikken, Den ukrainske sosialistiske sovjetrepublikk, Reichskommissariat Ukraina, Den ukrainske sosialistiske sovjetrepublikk | ||
Område | Matematikk | ||
Yrke | matematikar, universitetslærar | ||
Institusjonar | Lvivs universitet | ||
Alma mater | Lvivs universitet | ||
Doktorgradsrettleiar | Hugo Steinhaus | ||
Kjend for | Banachrom | ||
Ektefelle | Łucja Braus | ||
Medlem | Polska Akademia Umiejętności Towarzystwo Naukowe we Lwowie Polish Mathematical Society Ukrainas nasjonale vitenskapsakademi Warsaw Scientific Society |
Stefan Banach (30. mars 1892–31. august 1945) var ein dugeleg matematiker frå Polen. Han var ein av dei viktigaste personane i den såkalla Lvov-skulen i matematikk i Polen før krigen. Som matematikar var han i stor grad sjølvlærd, og geniet hans vart tilfeldigvis oppdaga av Juliusz Mien og seinare av Hugo Steinhaus.
Då 2. verdskrigen starta var Banach president i det polske matematiske selskapet og professor ved Universitetet i Lviv. Sidan han var korresponderande medlem av Vitskapsakademiet i Ukraina og på god fot med sovjetiske matematikarar, fekk han halde stillinga si trass i at Sovjetunionen invaderte byen i 1939. Banach overlevde den påfølgjande brutale tyske okkupasjonen frå juli 1941 til februar 1944. Helsa hans vart dårlegare under okkupasjonen, og han utvikla lungekreft. Etter krigen vart Lviv innlema i Sovjetunionen, og Banach døydde der. Han er gravlagt ved Lychakivskyj-gravplassen.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Stefan Banach - MacTutor History of Mathematics archive
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Stefan Banach» frå Wikipedia på bokmål, den 15. februar 2012.