Statsråd Ole Erichsen
Ole Wilhelm Erichsen | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 19. februar 1793 København |
Død | |
Yrke | politikar |
Statsråd Ole Erichsen på Commons |
Ole Wilhelm Erichsen (19. februar 1793–25. juli 1862) var ein dansk-norsk marineoffiser og norsk statsråd, fødd i København.[1]
Liv og gjerning
[endre | endre wikiteksten]Erichsen var son til ein lerretshandlar og postførar. Han deltok i napoleonskrigane ved Vlissingen som kadett på eit fransk linjeskip, og vart tildelt St.Helena-medaljen for innsatsen.[1] Frå 1811 var han sekondløytnant i den dansk-norske marinen, frå 1814 divisjonssjef i den norske marinen og stasjonert på Hvaler.
I tida 1816 til -21 var Erichsen skipper i eit fransk reiarlag, gjekk då i fart mellom Bordeaux og Vestindia. År 1826 reiste han til England for å take imot dei to fyrste dampskipa i Noreg, skip han førte heim til Noreg i 1827. Åra 1836-39 arbeidde han med marinesaker hos kongen i Stockholm.
Erichsen var 1833-35 med i ein kommisjon om «plan for marinen» og i ein kommisjon av 1841 om ny vernepliktslov og militær straffelov i Noreg. 1841-44 var han medlem i den fyrste unionskomiteen.
Gjennom åra steig han i gradane, kaptein frå 1836 og sjef for Horten Verft frå 1845 og dermed grunnleggjar av den mekaniske verkstaden til den norske marinen.[1]
Den 16. oktober 1848 vart Erichsen utnemnd til marineminister i Løvenskiold/Vogt-ministeriet, frå 1853 også øvste befalsmann i marinen. Han tok avskjed 31. mars 1856.[2][3] Sidan budde han på storgarden Sem i Vestfold, der han døydde.
Familie
[endre | endre wikiteksten]Erichsen var gift to gonger, fyrste gong i Kristiansand i 1815 med Ida Thomine Fougner (1796–1821), andre gong med Abel Marie Isaachsen (1803–1883), dotter av konsul Isaach Isaachsen. I siste ekteskap fekk han mellom anna dottera Hedevig Lund.[1]
Utmerkingar
[endre | endre wikiteksten]Erichsen var kommandør av 1. klasse av St. Olavs Orden, riddar av 1. klasse av Sverdordenen, riddar av Dannebrogordenen og innehavar av St. Helena-medaljen.[1]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 Steinar Sandvold. «Ole Wilhelm Erichsen». Norsk biografisk leksikon. Henta 30. april 2017.
- ↑ «Det Løvenskiold/Vogtske ministerium (08.03.1844-16.06.1856)». NSD Norsk senter for forskningsdatas politikararkiv. Henta 30. april 2017.
- ↑ «Biografisk informasjon om Ole Wilhelm Erichsen». NSD Norsk senter for forskningsdatas politikararkiv. Henta 30. april 2017.