Zulu
- For andre tydingar av oppslagsordet, sjå Zulu (fleirtyding).
Zulu isiZulu | ||
Klassifisering | Niger-kongospråk Atlantisk Volta-kongo-språk Benue-kongo-språk Bantoid Sørleg Eigentleg bantuspråk Nguni Zulu | |
Bruk | ||
Tala i | Sør-Afrika Eswatini Lesotho Malawi | |
Zulutalande i alt | 9 563 000[1] | |
Skriftsystem | Det latinske alfabetet | |
Offisiell status | ||
Offisielt språk i | Sør-Afrika | |
Språkkodar | ||
ISO 639-1 | zu | |
ISO 639-2 | zul | |
ISO 639-3 | zul | |
Wikipedia på zulu |
Zulu, òg kjend som isiZulu, er eit bantuspråk i niger-kongofamilien som vert tala av om lag ni millionar menneske kjende som zuluar. Fleirtalet av dei (over 95 %) bur i Sør-Afrika. Språket er det som blir forstått av flest folk i landet, over halvparten av innbyggjarane (Ethnologue 2005), og blei i 1994 eitt av elleve offisielle sørafrikanske språk. Ein snakkar òg zulu i Malawi, Mosambik og Eswatini.
██ 0–20% ██ 20–40% ██ 40–60% | ██ 60–80% ██ 80–100% |
Grammatikk
[endre | endre wikiteksten]Zulu er eit tonespråk. Zulu er også kjend for å ha klikkelydar. Zulu har ein dental, ein alveolar og ein lateral klikk, dei blir skrive 'c, q, x.
Zulu er eit agglutinerande SVO-språk og høyrer til språkfamilien nguni. I M. Guthrie sitt klassifiserintgssystem høyrer zulu til sone S.
Språkhistorie
[endre | endre wikiteksten]Den kjende historia til språket er knapp, men det finst vitnemål om språket frå 1500-talet. Zuluane kom til dagens Sør-Afrika rundt 1300-talet. Som xhosaene, som hadde innvandra under tidlegare bølgjer av bantuekspansjonen, tok zulu opp mange lyder frå språka til khoisan- og sanfolk. Dette har ført til at både zulu og xhosa har klikk-konsonantar lik desse språka.
Som alle andre sørafrikanske språk var zulu berre eit talespråk fram til europeiske misjonærar kom til området. Den første grammatikken over zulu blei utgjeven i Noreg i 1850 av den norske misjonæren Hans Schreuder.[2] Det første dokumentet skrive på zulu var ei bibelomsetjing frå 1883. I 1901 oppretta John Dube, ein zulu frå Natal, Ohlange Institute, den første innfødde utdanningsinstitusjonen i Sør-Afrika. Han var også forfattaren av Insila kaShaka, den første romanen skriven på zulu.
Utviklinga til skriftspråket vart styrd av Zulu Language Board i KwaZulu-Natal fram til dette blei erstatta av Pan South African Language Board, som tek for seg alle dei offisielle språka i Sør-Afrika.
Lydlære
[endre | endre wikiteksten]Vokalar
[endre | endre wikiteksten]Fremre | Sentral | Bakre | |
---|---|---|---|
Lukka | i | u | |
Midtre | e | o | |
Open | a |
IPA | Eksempel (IPA) | Eksempel (orto.) | Tyding | Merknader |
---|---|---|---|---|
[i] | [ˈsiːza] | -siza | «hjelpe» | Uttalt som i-en i ordet rik |
[u] | [uˈmuːzi] | umuzi | «landsby» | Uttalt som o-en i ordet mor |
[e] | [umgiˈɓeːli] | umgibeli | «passasjer» | «e» vert uttalt [e] når han kjem etter ei staving som inneheld «i» eller «u» eller kjem til slutt |
[ɛ] | [ˈpʰɛːɠa] | -pheka | «lage mat» | «e» vert uttalt [ɛ] andre stader. |
[o] | [umaˈɠoːti] | umakoti | «brur» | «o» vert uttalt [o] når han kjem etter ei staving som inneheld «i» eller «u» eller kjem til slutt |
[ɔ] | [ɔˈgɔːgo] | ogogo | «bestemor» | «o» vert uttalt [ɔ] andre stader. |
[a] | [ˈdaːda] | -dada | «pusle» | Uttalt som «mama» på engelsk |
Konsonantar
[endre | endre wikiteksten]Labial | Dental/alveolar | Postalveolar | Velar | Glottal | |||
---|---|---|---|---|---|---|---|
sentral | lateral | ||||||
Klikk | vanleg | [ǀ] | [ǁ] | [ǃ] | |||
aspirert | [ǀʰ] | [ǁʰ] | [ǃʰ] | ||||
depressor | [ᶢǀʱ] | [ᶢǁʱ] | [ᶢǃʱ] | ||||
nasal | [ᵑǀ] | [ᵑǁ] | [ᵑǃ] | ||||
depressor-nasal | [ᵑǀʱ] | [ᵑǁʱ] | [ᵑǃʱ] | ||||
Nasal | plain | [m] | [n] | [ɲ] | [ŋ] | ||
depressor | [m̤] | [n̤] | [ɲ̈] | [ŋ̈] | |||
Plosiv | vanleg | [pʼ] | [tʼ] | [kʼ] | |||
aspirert | [pʰ] | [tʰ] | [kʰ] | ||||
depressor | [b̤] | [d̤] | [ɡ̈] | ||||
implosiv | [ɓ] | [ɠ] | |||||
Affrikat | vanleg | [tʃʼ] | [kxʼ] | ||||
depressor | [dʒ̈] | ||||||
Frikativ | vanleg | [f] | [s] | [ɬ] | [ʃ] | [h] | |
depressor | [v̤] | [z̤] | [ɮ̈] | [ɦ̤] | |||
Approksimant | vanleg | [l] | [j] | [w] | |||
depressor | [ȷ̈] | [w̤] |
Konsonantane markert med trema (to prikkar) er depressor-konsonantar som påverkar tonen til stavinga si.
Klikkelydar
Zulu har tre klikkelydar:
- c: dental (som ein smattar på norsk når noko er gale/synd)
- q: alveolar (som ei flaske som opnar med eit «pop»)
- x: lateral (som ein smattar på hestar)
Uttalt | Eksempel (IPA) | Eksempel (skrive) | Tydig | Merknader |
---|---|---|---|---|
ǀ | [iːˈǀiːǀi] | icici | øyrering | |
[ǀʰ] | [úɠuˈǀʰáːza̤] | ukuchaza | å forklara/fasinera | |
[ᶢǀʱ] | [ísiᶢǀʱǐ̤ːno] | isigcino | ende | |
ᵑǀ | [iᵑǀwáːᵑǀwa] | incwancwa | syrna maismjøl | |
[ᵑǀʱ] | [iᵑǀʱǒ̤ːsi] | iconsi | drope | |
ǃ | [iːǃáːǃa] | iqaqa | ilder | |
[ǃʰ] | [iːǃʰúːde̤] | iqhude | hane | |
[ᶢǃʱ] | [umᶢǃʱi̤ɓɛ́ːlo] | uMgqibelo | laurdag | |
ᵑǃ | [iᵑǃɔ́ːla] | inqola | vogn | |
[ᵑǃʱ] | [iᵑǃʱɔ̤̌ːndo̤] | ingqondo | hjerne | |
ǁ | [iːǁɔ́ːǁo] | ixoxo | frosk | |
[ǁʰ] | [úɠuǁʰáːsa] | ukuxhasa | å støtta | |
[ᶢǁʱ] | [úɠuᶢǁʱɔ̤̌ːɓa] | ukugxoba | å trampa | |
ᵑǁ | [iᵑǁɛ́ːɓa] | inxeba | sår | |
[ᵑǁʱ] | [iᵑǁʱɛ̤̌ːɲe] | ingxenye | del |
Språkdøme
[endre | endre wikiteksten]Under følgjer ei liste enkle uttrykk som kan brukast om ein vitjar eit zuluspråkleg område.
Sawubona | Hei til éin person |
Sanibonani | Hei til ei gruppe |
Ngiyabonga (kakhulu) | (Tusen) takk |
Hamba kahle/Sala kahle | Ha det bra ('gå vel')/ha det bra ('ver vel') (Brukt ved avskjed. Personen som blir verande ein stad seier «hamba kahle» og personen som forlét han «sala kahle») |
Hambani kahle/Salani kahle | Ha det bra ('gå vel')/ha det bra ('ver vel') for ei gruppe folk |
Eish! | Wow! (utrop ved sjokk/overrasking, også brukt i sørafrikansk engelsk) |
Hhayibo | Nei!/Stopp!/Ikkje! (også brukt i sørafrikansk engelsk) |
Yebo | Ja |
Cha | Nei |
Angazi | Eg veit ikkje |
Ukhuluma isiNgisi na? | Snakkar du engelsk? |
Ngisaqala ukufunda isiZulu | Eg har nett byrja lære zulu |
Uqonde ukuthini? | Kva meiner du? |
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Ethnologue-tal frå 1996
- ↑ Rakkenes, Øystein (2003). Himmelfolket: En norsk høvding i zululand. Oslo: Cappelen Forlag. s. 63–65. Oppgjeve av bokmålswikipedia.
- Delar av denne artikkelen bygger på «Zulu» frå Wikipedia på bokmål, den 23. september 2013.
- Denne artikkelen bygger på «Zulu language» frå Wikipedia på engelsk, den 23. september 2013.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- https://web.archive.org/web/19970416061941/http://www.lmp.ucla.edu/profiles/profz01.htm
- Teach Yourself Zulu av Arnett Wilkes.