Sporvognstrafikk i Vest-Europa
Noreg
[endre | endre wikiteksten]Sjå artiklane om Sporvogn i Oslo, Gråkallbanen og Bybanen i Bergen.
Danmark
[endre | endre wikiteksten]I Danmark er all sporvognsdrift avslutta. I Odense stogga trafikken 30. juni 1952, i Aarhus 7. november 1971 og i København 22. april 1972. Vognene frå København blei seld til Alexandria og går enno.
Sverige
[endre | endre wikiteksten]Göteborg har tolv sporvognsliner og driv både utviding og modernisering av det eksisterande netet.
Norrköping har to liner. Ei utviding i søraust er under bygging, den første halvdelen av utvidinga vil opna på hausten 2010.
I Stockholm finst forstadsbanane 'Nockebybanan og Tvärbanan samt Lindingöbanan, som fram til 2008 var klassifisert ikkje som sporveg men som jarnbane. I tillegg kjem museumssporvogna Djurgårdslinjen. Ei ny, sentral line, "Spårväg city", er (2009) under bygging og Tvärbanan vert forlenga i nord.
Malmö hadde sporvogn lenge, men har no berre ei museumsline om sumaren.
I Malmköping køyrer ein museumssporvogner på ei nedlagd jarnbaneline.
Finland
[endre | endre wikiteksten]Tre byar i Finland har hatt sporvogn, Helsingfors, Viborg og Åbo. I Åbo vart trikken lagt ned i 1970-åra, men i Helsingfors lever han i beste velgåande.
Belgia, Nederland og Frankrike
[endre | endre wikiteksten]I Nederland er det sporvogn i Amsterdam, Rotterdam og den Haag.
I Belgia er eit sporvognsliknande lokaltog, Kusttram, rekna som verdas lengste sporvognsline. Det går langsmed atlanterhavskysten, nesten frå Nederland til Frankrike. Dei ekte sporvognslinene i Antwerpen, Ghent og Brussel er alle populære.
Frankrike har fleire store byar med sporvogn: forstader til Paris, Lyon, Grenoble, Strasbourg, Nantes (det største nettet i Frankrike) og Bordeaux. Nettet i Bordeaux er spesielt med si nedgreve straumskinne. I Marseille blir det bygd eit heilt nytt system, etter planen er det ferdig hausten 2007.
Tyskland, Austerrike og Sveits
[endre | endre wikiteksten]Storbritannia og Irland
[endre | endre wikiteksten]Ikkje omsett: Denne artikkelen er ikkje ferdig omsett frå engelsk enno. Hjelp oss gjerne med å gjera omsetjinga ferdig! |
I Storbritannia vart trikkeliner lagt ned i stor skala i 1950-åra, og etter nedleggjinga av det store linenettet i Glasgow i 1962 var berre trikken i Blackpool att.
Sjå òg
[endre | endre wikiteksten]For oversikt, sjå artikkelen om sporvogn.