Songen Rocka Rolla
Utsjånad
Rocka Rolla Singel av Judas Priest frå albumet Rocka Rolla | ||
B-side |
«Never Satisfied» | |
---|---|---|
Språk | engelsk | |
Utgjeve | August 1974 | |
Innspelt | Juni-juli 1974 | |
Sjanger | Hardrock, heavy metal | |
Lengd | 3:05 | |
Selskap | Gull Records | |
Komponist | Rob Halford, K. K. Downing, Glenn Tipton | |
Låtskrivar(ar) | Rob Halford | |
Produsent | Rodger Bain | |
Judas Priest-kronologi | ||
Rocka Rolla | «The Ripper»
(1976)
|
«Rocka Rolla» er debutsingelen til det britiske heavy metal-bandet Judas Priest, først gjeven ut i august 1974, og så gjeven ut som tittelsporet på debutalbumet månaden etter.
Songen vart framført på The Old Grey Whistle Test.
Songen har fleire korte gitarsoloar av gitaristen Glenn Tipton, og ein munnspelsolo av vokalisten Rob Halford.
Under konsertversjonane vart korvokalen til Tipton ofte sungen langt høgare enn vokalen til Halford. Songen avslutta ofte konsertane deira i 1980-åra og vart trekt ut til ein lang jam.
B-sida til singelen var ein annan song frå albumet, «Never Satisfied», der Al Atkins var medlåtskrivar.
Medverkande
[endre | endre wikiteksten]- Rob Halford – solovokal, munnspel
- K.K. Downing – gitar
- Glenn Tipton – gitar, korvokal
- Ian Hill – bassgitar
- John Hinch – trommer
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Rocka Rolla (song)» frå Wikipedia på engelsk, den 11. september 2016.