Sonal og meridional
Sonal og meridional er to uttrykk for å skildre retningar på ein klode. Sonal tyder «langs ein breiddegradssirkel» eller «i aust-vest-retninga», medan meridional tyder «langs ein meridian» eller «i nord-sør-retninga».
Desse uttrykka er ofte nytta i meteorologi og geofysikk for å skildre globale fenomen, som «meridional luftstraum» eller «sonal temperatur».
For vektorfelt (som vindsnøggleik) er den sonale komponenten (eller x-koordinaten) skrive som u, medan den meridionale komponenten (eller y-koordinaten) vert skrive som v.
Uttrykke meridional, stundom forkorta til «Mer.», vart nytta i historisk astronomi for å vise sørleg retning på ein klode, i lag med septentrional («Sep.») for nordleg, oriental («Ori.») for austleg og oksidental («Occ.») for vestleg.[1]
Sjå òg
[endre | endre wikiteksten]Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Zonal and meridional» frå Wikipedia på engelsk, den 25. november 2009.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Hooke, Robert. 1666. Volume 1. Philosophical Transactions