Hopp til innhald

Somovhavet

Koordinatar: 67°00′S 160°00′E / 67.000°S 160.000°E / -67.000; 160.000
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Somovhavet is located in Antarktis
Somovhavet
Somovhavet (Antarktis)

Somovhavet er eit randhav i Sørishavet og ligg nord for Aust-Antarktis, nord for Oates Coast, Victoria Land og George V Coast, mellom 150° og 170° aust. I vest ligg D'Urvillehavet.[1] Aust for Cape Adare, ved 170°14' E, ligg Rosshavet.[2]

Somovhavet dekkjer eit areal på 1 150 000 km² og er opp mot 3000 meter djupt.[3]

240 km nord for kysten ligg Ballenyøyane.

Somovhavet er kalla opp etter den russiske oseanografen og polfararen Mikhail Somov.

67°00′S 160°00′E / 67.000°S 160.000°E / -67.000; 160.000