Solum
Utsjånad
Solum er ein tidlegare kommune i Telemark fylke oppretta som Solum formannskapsdistrikt i 1837.
Ein del av Solum med 1 042 innbyggjarar blei overført til Skien kommune 1. juli 1916. 1. juli 1920 blei ytterlegare ein del av kommunen med 1 614 innbyggjarar overført til Porsgrunn kommune.
- 1. januar 1964 blei Solum, Gjerpen og Skien kommunar samt Valebø krins i Holla slått saman til den nye Skien kommune.
- 1. januar 1968 blei ein del av Skien (område frå tidlegare Solum og Gjerpen kommunar) med totalt 3 554 innbyggjarar overført frå Skien til Porsgrunn kommune.
Blant bydelane som låg i Solum var Nenset, Tollnes, Flakvarp, Skotfoss og Klyve.