Hopp til innhald

Solsymbol

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Solsymbol er symbol som viser sola i ei stilisert form. Dei kan ha mange ulike utformingar; mellom anna er svastika eit solsymbol. Solsymbol har stor tyding innanfor psykoanalyse, symbolisme, astrologi, religion og mystisisme.

Ulike slag solsymbol

[endre | endre wikiteksten]

Enkel sirkel

[endre | endre wikiteksten]

Ein enkel sirkel som den på det japanske flagget, det bangladeshiske flagget og det australske aboriginarflagget.

Sirkel med eit punkt i sentrum

[endre | endre wikiteksten]
☉

Ein sirkel med eit punkt i sentrum er det astronomiske og det astrologiske symbolet for sola, og den gammalegyptiske teiknet for "sol" eller "Ra" i det hieroglyfiske skriftsystemet. Teiknet for «sola» eller «dag» i tidleg kinesisk skrift var liknande, men det har utvikla seg i til 日 (ri) i moderne skrift.

Solkrossen

[endre | endre wikiteksten]

Solkross, hjulkors eller solehjul er eit symbol som består av ein gresk kross med ein sirkel rundt. Det var eit vanleg symbol i skandinaviske helleristingar frå så tidleg som bronsealderen, og har kunna symbolisera solen, hjul og særleg hjula på solvogna. Solkrossen blir ofte sett på som å representera dei fire årstidene og òg som eit astronomisk symbol eller dyrekrinsen for jorda.

Svastika er eit gammalt solsymbol brukt av buddhistar, jainistar og hinduar utan å ha ei nazistisk tilknyting. På Holmön i Västerbotten i Sverige er symbolet bumerke for Abels gård.

Åttetakka stjerne

[endre | endre wikiteksten]

Den åttetakka stjerna på flagga til Udmurtia, Mordovia, Mari Els, Tsjuvasjia og det irakiske flagget frå 1959 til 1963 symboliserer sola.

Solkrossliknande symbol

Åtteeika hjul

[endre | endre wikiteksten]

Det åtteeika hjulet er ein versjon av solkrossen.

«Hjul» i form av tredobbel spiral eller triskelesymbol

Triskele solesymbol

[endre | endre wikiteksten]

Visse former av triskele blir rekna som solesymbol. På flagget til Ingusjetia symboliserer triskelen sola.

Rosett

Rosett-solsymbol

[endre | endre wikiteksten]

Slavisk og ungarsk solsymbol og populært som dekorasjon.

Svantevit, slavisk solsymbol

Den sekseika slaviske solsirkelen er eit symbol for Svantevit, som er ein krigsgud i slavisk mytologi.

Jesuittordenen sitt emblem viser solstrålar.

Solstrålar

[endre | endre wikiteksten]

Uruguay, Kiribati og nokre versjonar av flagga til Argentina er offisielle emblem som inneheld solstrålar. Land som Taiwan, Kasakhstan, Nepal og Filippinane har òg flagg med solstrålar. Dessutan har det japanske orlogsflagget og flagga til Tibet og Arizona solstrålar.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Solsymbol