Sogn prosti
Utsjånad
61°13′32″N 7°5′51″E / 61.22556°N 7.09750°E
Sogn prosti er eit tenestedistrikt i Bjørgvin bispedømme i Den norske kyrkja. Prostiet femner kommunane Vik, Sogndal, Aurland, Lærdal, Årdal og Luster. Prosten har sete på Stedje.
Prostiet vart oppretta i 2013 då Ytre Sogn prosti vart lagt ned. Vik og Balestrand vart då overførte til Indre Sogn prosti, som samstundes bytte namn til Sogn prosti.[1]
Prostiet er inndelt i sokn. Soknet er grunneininga i Den norske kyrkja. Dei som arbeider i kyrkja er anten tilsette av soknet gjennom kyrkjeleg fellesråd, eller dei er tilsette i prostiet. Dei fleste prestane er tilsette i prostiet, og har tenesta si knytt til eitt eller fleire sokn.
Sokn
[endre | endre wikiteksten]Det er 28 sokn i prostiet (2014).
- Arnafjord sokn
- Balestrand sokn
- Borgund sokn i Sogn
- Dale sokn i Sogn
- Feios sokn
- Fet og Joranger sokn
- Fjærland sokn
- Flåm sokn
- Fortun sokn
- Fresvik sokn
- Gaupne sokn
- Hafslo sokn
- Hauge sokn
- Jostedal sokn
- Kaupanger sokn
- Leikanger sokn
- Nedre Årdal sokn
- Nes sokn i Sogn
- Norum sokn
- Nærøy sokn i Sogn
- Solvorn sokn
- Stedje sokn
- Tønjum sokn
- Undredal sokn
- Vangen sokn
- Vangsnes sokn
- Vik sokn
- Øvre Årdal sokn
Sjå òg
[endre | endre wikiteksten]Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «Ytre Sogn prosti blir lagt ned - Solund fryktar for soknepresten sin» - NRK 15.februar 2013.