Hopp til innhald

Sofokles

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sofokles

Statsborgarskap Antikkens Athen
Fødd 496 f.Kr.
Colonus
Død

406 f.Kr.
Atene, Aten

Yrke tragedieforfatter, skodespelforfattar, skribent, prest, politikar
Språk gamalgresk
Sjanger gresk tragedie
Born Iofon, Ariston
Sofokles på Commons
Sofokles. Byste i Nasjonalgalleriet i Oslo

Sofokles (496-406 f.Kr.) er ein av dei store greske tragediediktarane, ved sidan av Aischylos og Evripides. Sofokles er rekna som den fremste representanten for den klåre, harmoniske greske diktarkunsten, og kalla ein spenningsmeister.

Det som kjenneteiknar diktinga til Sofokles er bruken av tre skodespelarar i tragedien – før hadde dei berre bruka to. Vidare er det dialogen som ber handlinga og tar den største plassen i skodespelet. Vakre korsongar gjev at tankar og kjensler som tilskodaren kan ha. Kvinneskikkelsane er viktige i diktinga hans, dei kan representere det kompromisslause moralske kravet, eller dei kan representere kvinneleg godskap og kjærleik eller kvinneleg veikskap.

Sofokles skal ha skrive om lag 120 tragediar, den første i 468 f.Kr. Sju av dei er bevarte til notida:

  • Aias
  • Kvinnene frå Thrakis
  • Antigone (442 f.Kr), omsett til nynorsk av Matias Skard og av Eirik Vandvik
  • Kong Ødipus (427 f.Kr), omsett til nynorsk av Matias Skard og Eirik Vandvik
  • Elektra (409 f.Kr.), omsett til nynorsk av Matias Skard
  • Filoktetes (409 f.Kr.)
  • Oidipus i Kolonos (ca 406 f.Kr.), omsett til nynorsk av Sigmund Skard