Sofienberg kyrkje
Utsjånad
Sofienberg kyrkje | |||
Sofienberg kirke | |||
Kyrkjesamfunn | Den norske kyrkja | ||
---|---|---|---|
Bispedøme | Oslo | ||
Prosti | Nordre Aker | ||
Sokn | Sofienberg | ||
Fellesråd | Oslo | ||
Type | Langkyrkje | ||
Arkitekt | Jacob Wilhelm Nordan | ||
Teknikk | Mur | ||
Material | Teglstein | ||
Innvigd | 5. oktober 1877 | ||
Tårn | I sørvest | ||
Klokker | O. Olsen & Søn, 1877 | ||
Kyrkjegard | Lagt ned | ||
Altartavle | Otto Sinding, 1879 | ||
Orgel | Nytt orgel vert bygd av Hermann Eule Orgelbau og kyrkja er stengd nokre veker hausten 2013[1] | ||
Sitjeplassar | 600 | ||
Diverse | Glasmåleri av Enevold Thømt (1916 og 1920) og Maria Vigeland (1951) | ||
Sofienberg kyrkje 59°55′21″N 10°45′58″E / 59.92254889°N 10.76608694°E | |||
Wikimedia Commons: Sofienberg kirke |
Sofienberg kyrkje er ei langkyrkje frå 1877 i Oslo kommune. Kyrkja og soknet heitte opphavleg Paulus. I 1880 vart soknet delt. Då skifta kyrkja namn til Petrus, medan Paulus-namnet vart nytta for den andre delen av det gamle soknet og frå 1892 for ei anna kyrkje. Namnet Sofienberg har vore nytta sidan 1962.
Det var kyrkjegard i Sofienbergparken før kyrkja vart bygd, men han vart lagt ned trinnvis tidleg på 1900-talet. I dag er berre den jødiske kyrkjegarden att. Han ligg nord for kyrkja og er freda, men har ikkje vorte nytta på mange år.
Fotnotar
[endre | endre wikiteksten]Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Kirkebøe, M.C. (2007). Knut Arve Tvedt og Øyvind Reisegg, red. Oslos kirker i gammel og ny tid (2 utg.). Oslo: Kunnskapsforlaget. s. 79-80. ISBN 978-82-573-1946-5.
- Tvedt, Knut Are, red. (2010). Oslo byleksikon (5 utg.). Oslo: Kunnskapsforlaget. s. 522. ISBN 978-82-573-1760-7.
- Sofienberg kyrkjelyd Arkivert 2013-10-24 ved Wayback Machine.
- Kyrkjesøk – Sofienberg kyrkje Arkivert 2013-10-18 ved Wayback Machine.
- Sofienberg kyrkje i kulturminnesok.no, nettstaden til Riksantikvaren