Socialistisk Folkeparti
Socialistisk Folkeparti | |||
| |||
Land | Danmark | ||
---|---|---|---|
Partileiar(ar) | Pia Olsen Dyhr | ||
Grunnleggjarar | Aksel Larsen | ||
Grunnlagt | 15. februar 1959 | ||
Hovudkvarter | Christiansborg | ||
Ungdomsorg. | Socialistisk Ungdoms Forum | ||
Medlemstal | 9 206 (2020) | ||
Ideologi | folkesosialisme, demokratisk sosialisme, grøn ideologi, Markedssosialisme |
Socialistisk Folkeparti i Danmark blei danna i 1959, med folk som var ekskluderte (utestengde) frå det danske kommunistpartiet i brodden. Fremst av dei var mangeårig leiar i kommunistpartiet, Aksel Larsen. Dei ville ha eit dansk demokratisk sosialistparti som var heilt uavhengig av Sovjetunionen etter avsløringane av stalinismen og etter undertrykkinga i Ungarn i 1956. SF ville skape ein tredje veg, annleis enn både kommunisme og sosialdemokrati slik desse hadde utvikla seg.
SF har også teke opp i seg mange miljøforkjemparar, og reknar seg som eit raudgrønt parti.
SF har 14000 medlemer (hausten 2007). Ved valet i Danmark 15. september 2011 fekk SF 9,2 % av stemmene, og vart dermed femte størst. Partiet fekk 16 av 179 representantar i Folketinget.
Mangeårig leiar har vore Villy Søvndal, men han vart i 2012 avløyst av Annette Vilhelmsen.
SF er med i det nordiske venstrepartisamarbeidet Nordic Green Left Alliance.