Slimormar
Utsjånad
Slimormar | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Underrike: | Bilaterale dyr Bilateria |
Infrarike: | Protostomia |
Rekkje: | Slimormar Nemertea Schultze, 1851 |
Slimormar (Nemertea) er ei rekke triploblastiske dyr med bilateralsymmetrisk kroppsplan. Alle artane er botnlevande marine predatorar som fangar byttet sitt med ein lang og karakteristisk proboscis («snabel»). Gruppa omfattar for det meste veldig små dyr, men det er òg her me finn den lengste levande organismen som finst: kjempeslimormen Lineus longissimus kan bli heile 60 m lang i utstrekt tilstand.
Oppbygnad
[endre | endre wikiteksten]Slimormar har lukka blodkarsystem og gjennomgåande tarm. Dei er usegmenterte, og har ein lang proboscis («snabel») dei kan trekka inn i svelget og skyta ut. Nokre artar har òg ein giftig pigg på snabelen sin.
Slimormar er hermafrodittiske, men formeirar seg kjønna.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- (no) Slimormar hos Artsdatabanken
- (en) Slimormar – oversikt og omtale av artane i WORMS-databasen
- (en) Slimormar i Encyclopedia of Life
- (en) Slimormar i Global Biodiversity Information Facility
- (sv) Slimormar hos Dyntaxa
- (en) Slimormar hos Fauna Europaea
- (en) Slimormar hos Fossilworks
- (en) Slimormar hos ITIS
- (en) Slimormar hos NCBI
- (en) Kategori:Nemertea – bilete, video eller lyd på Wikimedia Commons
- Nemertea – detaljert informasjon på Wikispecies