Slåttar frå Nordhordland
Hardingfelespelet i Nordhordland utgjer ei eiga grein av hordaspelet. Tradisjonen i dette området er sterk, og distriktet har fostra mange gjeve spelemenn, mellom dei Arne Bjørndal.
Mange av dei særeigne slåttane frå denne landsluten er å finne i band IV av hardingfeleverket. Området har tre spelemenn som primærkjelder, alle dokumentert av Arne Bjørndal: Gudmund Eide frå Bruvik, Lars Rognved frå Haus og Martinus Monstad frå Alversund. Nils Brakvatn er og ein særmerkt spelemann frå dette distriktet. Det er ein del sams slåttar mellom Nordhordland og Voss, og fleire slåttar etter Lars Rognved kan førast attende til Nils Rekve frå Voss.
Myllarguten har påverka spelet i Nordhordland ein del. Han var mykje på gjennomferd her når han skulle til og frå Bergen i 1850-åra. Slåttane i lista nedanfor er alle frå band IV av hardingfeleverket.
Slåttar etter kjelde
[endre | endre wikiteksten]Nils Brakvatn
[endre | endre wikiteksten]Nils Brakvatn var frå Hamre i Nordhordland. Arne Bjørndal var hjå han og samla slåttar i 1927. Mange av slåttane hans er elles knytt til dei store slåttekrinsane. Nils Brakvatn skreiv for det meste ned slåttane sine sjølv, og Arne Bjørndal reinskreiv dei etterpå.
Gangar:
- 37: Halling [1][daud lenkje].Skriven ned i 1930-åra. Brakvatn hadde slåtten etter John Rivenes frå Haus, som hadde han frå Ola Tunes, Und-Ola, dei kalla.
- 38: Halling [2][daud lenkje]. Skriven ned i 1930-åra (B 876). Brakvatn hadde slåtten etter far sin, som tralla han.
- 39: Halling [3][daud lenkje]. Skriven ned i 1930-åra (B 878) Etter John Rivenes frå Haus.
- 71: Rull [4][daud lenkje].Skriven ned i 1930-åra (B 1554). Slåtten er etter John Rivenes frå Haus. Slåtten har nokre tak sams med Lappen.
- 100: Sylkje-Per [5][daud lenkje]. Skriven ned av Henrik Gjellesvik i 1950, og send til Arne Bjørndal. Nedskrifta fekk Bjørndalnummer B 2365. Bjørndal skreiv sjølv ned slåtten etter Brakvatn (B 1645), men denne versjonen var mindre fullstendig. Slåtten er og skriven opp etter Lars Rognved. Det er nokre sams tak med Hildalen og Fanitullen i slåtten. Ole Bull lærte slåtten av godfar til Nils, Ola Brakvatn. Sylkje-Per var nytta til voggevise (Lars Reigstad). Sylkje = Silke.
Springar:
- 84: Storemylnaren [6][daud lenkje]. Nedskrift 1927 (B 847). Brakvatn hadde slåtten etter Johannes Vollertsen frå Hamre. Slåtten er etter Martinus Gjeldsvik frå Lindås, som var mykje i lag med Ole Bull og Myllarguten. Storemylnaren er eit oppnamn på Myllarguten.
- 85: Springar [7][daud lenkje]. Nedskrift 1927 (B 851). Brakvatn hadde slåtten etter Anders Heldal frå Hosanger. Heldal hadde slåtten frå vossaspelemenn. Slåtten slenger mykje inn på andre slåttar.
- 308: Springar [8][daud lenkje]. Skriven ned i 1934 (B 1646). Brakvatn skreiv opp etter Johannes Wollertsen frå Hamre, som sa det var ein Gjelsvikslått. Redigert av Eivind Groven.
Gudmund Eide
[endre | endre wikiteksten]Gudmund Eide var frå Bruvik i Nordhordland. Bjørndal skreiv ned slåttar etter Eide i 1915 og 1916.
Gangar:
- 34: Kolbeinslåtten (6/8) [9][daud lenkje]. Nedskrift 1915 (B 2). Eide lærte slåtten av Ola Romarheim frå Hosanger. Ola Hadde slåtten frå Kolbein Heggland på Vossestrand, som og gav namn til slåtten.
Springar:
- 59: Springar [10][daud lenkje]. Nedskrift 1915 (B 10). Eide hadde slåtten etter Hans Vikahagen frå Stamnes i Bruvik.
- 60: Springar [11][daud lenkje]. Nedskrift 1915 (B 11). Eide lærte slåtten av Anders Mostraum frå Modalen i Nordhordland i 1863. Byrjinga av slåtten har mykje sams med Bøheringen. Slåtten slenger og inn på ei Hilmerengje.
- 62: Springar [12][daud lenkje]. Nedskrift 1915(B 15). Eide hadde slåtten etter Anders Mostraum.
- 72: Springar [13][daud lenkje]. Nedskrift 1916 (B 250).
- 73: Springar [14][daud lenkje]. Nedskrift 1916 (B 251)
- 74: Springar [15][daud lenkje]. Nedskrift 1916 (B 252).
Ola M. Havre
[endre | endre wikiteksten]Ola M. Havre var frå Haus i Nordhordland. Bjørndal skreiv med slåttar etter han kring 1928.
- 5: Halling (2/4) [16][daud lenkje].
- 67: Sigridslåtten [17][daud lenkje]. Nedskrift 1928 (B 218). Havre hadde slåtten etter Johannes Fossmark frå Bruvik, som atter hadde han frå Isak Rokne på Voss. Felestillet er G-D-A-D (Ljosblått).
Martinus Monstad
[endre | endre wikiteksten]Martinus Monstad var frå Alversund. Bjørndal skreiv opp slåttar etter han i 1918.
- 78: Springar [18][daud lenkje]. Nedskrift 1918 (B 418). Monstad hadde slåtten etter Ananias Brattetaule frå Sæbø i Manger.
- 79: Springar [19][daud lenkje]. Nedskrift 1918 (B 421). Slåtten er etter Ananias Brattetaule frå Sæbø.
Lars Rognved
[endre | endre wikiteksten]Lars Rognved var frå Haus i Nordhordland. Han er ein av dei fremste kjeldene til spel frå denne landsluten.
- 61: Dørdislåtten [20][daud lenkje]. Nedskrift 1910 (B 14). Rognved hadde slåtten etter Magne Kleiveland frå Haus. Dørdi var ei kokkejente (eig. Durdei). Ho lika å danse til denne slåtten. Det var vanleg at danselaget tok kokka opp i dansestova og dansa med ho. Ho hadde gjerne med seg tvore og ause.
- 63: Springar [21][daud lenkje]. Nedskrift 1910 (B 20). Slåtten er etter Magne Kleiveland frå Haus (lært kring 1864). Kleiveland hadde slåtten etter Nils Rekve frå Voss. Nedstilt bass.
- 68: Springar [22][daud lenkje]. Nedskrift 1916 (B 242). Rognved lærte slåtten av Magne Kleiveland i 1865. Kleiveland hadde han etter Nils Rekve. Har taktbrot.
- 69: Springar [23][daud lenkje]. Nedskrift 1916 (B 243). Etter Magne Kleiveland. Sveiper inn på Filipslåtten og Dørdislåtten.
- 70: Heldalen [24][daud lenkje]. Nedskrift 1916 (B 245). Namnet på slåtten kjem frå felemakar og spelemann Anders Heldal frå Hosanger.
- 71: Springar [25][daud lenkje]. Nedskrift 1916 (B 248). Slåtten er etter Magne Kleiveland, som hadde lært han av Nils Rekve frå Voss.
- 80: Springar [26][daud lenkje]. Nedskrift 1918 (B 424). Rognved lærte slåtten av Magne Kleiveland på 1870-talet. Denne hadde slåtten frå Nils Rekve, Voss. Nedstilt bass.
- 81: Springar [27][daud lenkje]. Nedskrift 1915 (B 587). Etter Magne Kleiveland. Slåtten er svært vanleg i Nordhordland.
- 114: Springar [28][daud lenkje]. Nedskrift 1910 (B 17). Etter Magne Kleiveland (1870), som hadde han frå Nils Rekve. Nedstilt bass.
- 115: Springar [29][daud lenkje]. Nedskrift 1924 (B 18). Rognved lærte slåtten i 1865 av Magne Kleiveland, som hadde han etter Nils Rekve. Nedstilt bass. Minner noko om Kongelåtten.
Andre kjelder
[endre | endre wikiteksten]Gangar:
- 8: Gamlingen på Tynnebotn (2/4), etter Anders Mostraum, Hosanger [30][daud lenkje]. Nedskrift 1916 (B 249). Mostraum lærte slåtten av Arne Fossen frå Masfjorden. Ludvig Mathias Lindeman skreiv ned slåtten i Telemark.
- 46: Nordafyr Modalen (2/4), etter Henrik Mjåtveit, Meland [31][daud lenkje].
- 47: Gangar (2/4), etter Mons Nordvik, Os i Hordaland [32][daud lenkje].
Springar:
- 64: Litle i byttet, etter fleire spelemenn i Nordhordland [33][daud lenkje]. Nedskrift 1915 (B 104). Mor til spelemannen Johannes Horsås frå Hamre skulle ein gong ut i slåttonna medan sonen var sped, og ho sette han i byttet slik at ho skulle vera trygg på han. Då han vart vaksen og spelemann kalla folk han "litle i byttet". Han spela ofte denne slåtten, som sidan fekk utnamnet etter Johannes.
- 86: Springar, etter Arne Høyland, Hosanger [34][daud lenkje]. Nedskrift 1937 (B 869). Høyland hadde truleg slåtten etter Ola Romarheim som for til Amerika på 1860-talet.
- 87: Springar, etter Elias Mjåtveit, Meland [35][daud lenkje]. Nedskrift 1937 (B 880). Mjåtveit hadde slåtten etter folk som tralla han. Har noko likskap med Låa og Lauskarlåtten.
- 92: Springar, etter Ola Ådnekvam, Masfjorden [36][daud lenkje]. Nedskrift 1948 (B 2426). Ådnekvam hadde slåtten etter far sin. Slåtten vart nytta til Langedans (som nr 54, sjå Slåttar frå Sogn).
Slåttegrupper tilknytte Nordhordland
[endre | endre wikiteksten]Langenesen
[endre | endre wikiteksten]Hardingfeleverket nr 439. Ein variant er frå Alversund, to frå Telemark. Etter forma å døme er det frå Hordaland slåtten er komen.
- a: Bægjuven, etter Øystein Hovdestad, Vinje. Nedskrift Groven 1919 (G 739). Namn etter spelemannen Olav Bægjuv frå Seljord.
- b: Bægjuven, etter Olav R. Berge, Rauland. Nedskrift Groven 1919 (G 391).
- c: Langenesen, etter Martinus Monstad, Alversund. Nedskrift Bjørndal 1918 (B 423). Monstad hadde lært slåtten av Ivar Langenes frå Lindås i 1880. Slåtten heiter etter han.
Ho Kjersti sjølv
[endre | endre wikiteksten]- a:Ho Kjersti sjølv, etter Ola Ådnekvam, Masfjorden [37][daud lenkje]. Nedskrift Arne Bjørndal 1948 (B 1503).
- b:Springar, etter Martinus Monstad, Lindås [38][daud lenkje]. Nedskrift 1918 (B 417). Monstad lærte slåtten i 1870-åra av Martinus Gjeldsvik frå Lindås.
- c:Springar etter Sjurd Håstabø, etter Anders S. Kjerland, Granvin, Hardanger [39][daud lenkje]. Nedskrift Sven Nyhus 1974. Slåtten har vore kjend både i indre og ytre Hordaland.
.