Skilling species
Skilling species er ein norsk skillingsmynt som vart utmynta frå 1816 til 1875. Det gjekk på denne tida 120 skilling species på ein spesidalar, og 24 skilling species på ei ort.
I sølvverdi tilsvarte skilling species den skillingen som vart utmynta på 1700-talet. Ein riksdalar kurant hadde ein offisiell verdi på 80 % av ein riksdalar specie, og på 1700-talet gjekk det 96 skilling på ein riksdalar kurant, mens det etter 1816 gjekk 120 skilling på ein spesidalar.
Ved overgangen til kronemynt, skulle ein skilling tilsvare 3 1/3 øre.
Valørar
[endre | endre wikiteksten]Under Karl II, som i Sverige vart kalla Carl XIII og derfor brukte initialane C XIII, vart det utmynta einskilling i kopar og åtteskilling i sølv. Under Karl Johan, med initialane C XIV JOH, vart det i tillegg utmynta halvskilling og toskilling i kopar, toskilling i sølv, fireskilling i sølv og tjuefireskilling eller ortmynt i sølv. Med Karl IV (C XV) kom treskilling og tolvskilling i sølv.
Myntane hadde på reversen teksten «SKILLING SPECIES» til 1824, sidan «Sk», «SKILLING» eller «SKILLING SKILLEMYNT». Myntane som var prega under Oskar II i 1874 og 1875, hadde verdien oppgitt i både skilling og øre: «10 øre/3 skilling», «50 øre/15 skilling» og «1 krone/30 skilling».
Norsk skilling species 1816-1875
[endre | endre wikiteksten]Valør | Metall | Vekt | Sølvvekt | Utmynta med årstal |
---|---|---|---|---|
1 skilling | kopar | 11,68 g | 1816 | |
8 skilling | sølv | 3,37 g | 1,68 g | 1817 |
Valør | Metall | Vekt | Sølvvekt | Utmynta med årstal |
---|---|---|---|---|
1/2 skilling | kopar | 4,68 g | 1839, 1840, 1841 | |
1 skilling | kopar | 11,69 g | 1819, 1820 | |
1 skilling | kopar | 9,35 g | 1824, 25, 27, 28, 31, 32, 33, 34 | |
2 skilling | kopar | 18,71 g | 1822, 24, 25, 27, 28, 31, 32, 33, 34 | |
2 skilling | sølv | 1,50 g | 0,37 g | 1825, 1842, 1843 |
4 skilling | sølv | 3,00 g | 0,75 g | 1825 |
8 skilling | sølv | 3,37 g | 1,68 g | 1819 |
8 skilling | sølv | 1,93 g | 1,68 g | 1825, 1827 |
24 skilling | sølv | 7,31 g | 5,06 g | 1819 |
24 skilling | sølv | 5,78 g | 5,06 g | 1823, 1824 |
Valør | Metall | Vekt | Sølvvekt | Utmynta med årstal |
---|---|---|---|---|
12 skilling | sølv | 2,89 g | 2,53 g | 1845, 46, 47, 48, 50, 52, 53, 54, 55, 56 |
24 skilling | sølv | 5,78 g | 5,06 g | 1845, 46, 47, 48, 50, 52, 53, 54, 55 |
Valør | Metall | Vekt | Sølvvekt | Utmynta med årstal |
---|---|---|---|---|
1/2 skilling | kopar | 4,68 g | 1863, 1867 | |
1 skilling | kopar | 5,85 g | 1870 | |
2 skilling | sølv | 1,50 g | 0,37 g | 1870, 1871 |
3 skilling | sølv | 2,25 g | 0,56 g | 1868, 1869 |
4 skilling | sølv | 3,00 g | 0,75 g | 1871 |
8 skilling | sølv | 3,37 g | 1,68 g | 1819 |
12 skilling | sølv | 2,89 g | 2,53 g | 1861, 1862 |
24 skilling | sølv | 5,78 g | 5,06 g | 1861, 1862 |
Valør | Metall | Vekt | Sølvvekt | Utmynta med årstal |
---|---|---|---|---|
3 skilling | sølv | 2,25 g | 0,56 g | 1872, 1873 |
3 skill/10 øre | sølv | 1,45 g | 0,58 g | 1874, 1875 |
12 skilling | sølv | 2,89 g | 2,53 g | 1873 |
15 skill/50 øre | sølv | 5,00 g | 3,00 g | 1874, 1875 |
30 skill/1 kr | sølv | 7,50 g | 6,00 g | 1875 |
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Norges mynter 1814-1995 ISBN 82-7319-127-3