Skifer
Utsjånad
Skifer | |||
Liten skiferbit. | |||
Kjenneteikn | |||
---|---|---|---|
Gruppe | sedimentær eller metamorf | ||
Hovudmineral | leire eller kvartssand | ||
Identifikasjon | |||
Bruksområde | takstein, bygningsstein, gulvflis, terrassedekke, trapper m.m. | ||
Tettleik | 2,6 - 2,8 | ||
Anna | særs god kløv i liggeplanet |
Skifer er ein metamorf eller sedimentær bergart, danna ved at sand, leire og grus som har blitt avsatt (sedimentert) på botnen av store innsjøar eller i havet.
Norske skiferbrot
[endre | endre wikiteksten]Det er brot på skifer mange stader i Noreg. Kvar stad har særprega skifer.
- Oppdalskifer, kvartsittskifer i mange variantar.
- Ottaskifer - glimmerskifer i mange variantar.
- Selskifer - glimmerskifer
- Fåvangskifer - fylittskifer
- Kvænangenskifer - glimmerskifer og kvartsittskifer
- Altaskifer - kvartsittskifer
- Snåsaskifer - kvartsittskifer
- Vosskifer - kvartsittskifer
- Hardangerskifer - spaltbar gneis