Hopp til innhald

Skare kyrkje

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Skare kyrkje
kyrkje
Land  Noreg
Fylke Vestland
Kommune Ullensvang
Kyrkjesamfunn Den norske kyrkja
Bispedøme Bjørgvin
Prosti Hardanger og Voss
Sokn Skare
Fellesråd Odda
Stad Skare
Type Langkyrkje
Arkitekt Olaf Nordhagen
Teknikk Lafta
Material Tre
Innvigd 5. oktober 1926[1]
Takryttar Ja
Klokker To stykke, frå 1926
Kyrkjegard Ved kyrkja
Preikestol Frå 1926
Døypefont Frå 1926
Altartavle Jesu oppstode, måla av Moritz Kaland[1]
Orgel Jørgensen, 1946
Kart
Skare kyrkje
59°55′56″N 6°35′36″E / 59.93222222°N 6.59333333°E / 59.93222222; 6.59333333
Wikimedia Commons: Skare kirke

Skare kyrkje står i bygda Skare i Ullensvang kommune i Vestland fylke, og er ei lafta langkyrkje frå 1926.

Bygget vart ført opp etter teikningar laga av Olaf Nordhagen.[1] Kyrkja er soknekyrkje i Skare sokn i Hardanger og Voss prosti i Den norske kyrkja. Før dei fekk kyrkja på Skare sokna folk i området til Odda kyrkje, og i eldre tid kunne ei kyrkjeferd ta tre dagar for dei som budde lengst unna Odda-kyrkja.[2]

Inventaret i kyrkja er frå byggeåret eller seinare. Altertavla har Jesu oppstode som motiv og er måla av Moritz Kaland. Snikkararbeidet på tavla er gjort av Johannes Kinsarvik.[1]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 «Norges Kirker: «Skare kyrkje» på nettstaden til Norsk Institutt for kulturminneforskning». Henta 14. oktober 2009. 
  2. Olav Kolltveit (1970). «Skare kyrkje». I Odda sokneråd. Odda kyrkje 100 år : Eit attersyn over kyrkjer og kyrkjeliv i Odda gjennom tidene. Odda: Odda sokneråd. 

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]